Universell utforming
Universell utforming er eit satsingsområde innan offentleg sektor, og ABM-utvikling skal ta omsyn til det i all verksemd. Informasjon om universell utforming i mange kanalar saman med auka krav frå styresmaktane gjer at det ser ut til at kunnskap og haldningsendringar blir spreidd i sektoren på ein heilt ny måte enn tidlegare. ABM-utvikling satsar særleg på å spreie kunnskap og lage nettverk.
ABM-utvikling har universell utforming som ei prioritert oppgåve i sine måldokument og har satt ned ei intern arbeidsgruppe på fem personar som arbeider med konkrete tiltak for å gjøre tiltak kjent og endre haldningar, både internt i organisasjonen og eksternt i abm-sektoren. Denne arbeidsgruppa er representert i Nettverk for universell utforming, eit nettverk på tvers av arkiv-, bibliotek- og museumssektoren der Fetsund lenser sit med ansvaret for sekretariatet.