Side-alternativer

04.05.2009 Tildeling av 2,4 millionar til kulturarv

Tildelinga av produksjonsmiddel til kulturarvfeltet i den vidaregåande skulen i Den kulturelle skulesekken er no klar. ABM-utvikling, som nasjonal aktør for kulturarv i skulesekken, har handsama og fordelt 2,4 millionar kroner.

Stort mangfald i aktivitetar

Søknadene har kome frå ulike institusjonar og aktørar i heile landet, og dei syner eit stort mangfald i aktivitetar på feltet. Fleire av prosjekta har ein tverrfagleg ståstad med kombinasjon av ulike kulturuttrykk.

- Vi vonar at denne eingongsløyvinga kan gje skulesekken ein viktig plass i den vidaregåande skulen, seier Randi Ertesvåg, avdelingsdirektør i ABM-utvikling.

ABM-utvikling fekk inn 53 søknader med ein total søknadssum på 7,66 millionar kroner. 23 av søkarane fekk tildelt midlar.

Ei samla tildeling på 7,4 millionar frå KKD

Tildelinga var eit eingongstilfelle løyva av Kultur- og kyrkjedepartementet etter ei omdisponering av fjorårets spelemidlar. Ho vart øyremerka Den kulturelle skulesekken i den vidaregåande skulen for å auke aktiviteten på tre område: scenekunst, litteratur og kulturarv. Totalt 7,4 millionar kroner skulle fordelast til produksjonar innanfor desse felta.


Tildelingar av ekstramidlar på kulturarv til DKS i den vidaregåande skulen

Oversikt over alle søkjarane

Heimesida til Den kulturelle skulesekken