Side-alternativer

13.10.2009 Klart for nasjonalt leseår

- Vi er veldig tilfredse med å få tildelt sekretariatsansvaret for Leseåret 2010, seier direktør Leikny Haga Indergaard.

Regjeringa gjer framlegg om at 2010 blir starten på eit nasjonalt leseløft for dei neste fire åra. Det er sett av 6 millionar og ABM-utvikling er utpeikt som sekretatiat for Leseåret 2010. Dette skal utviklast i eit samarbeid med relavante fagmiljø og aktørar. Målet er ein nasjonal, heilskapleg lesepolitikk med sikte på å styrke lesekompetansen i heile landet. 

Modellbibliotek

- Modellbibliotek vil fornye biblioteka, og gje dei nye roller og funksjonar i lokalsamfunna, seier direktør Leikny Haga Indergaard i ABM-utvikling i en kommentar til statsbudsjettet.

Statsbudsjettet gjer framlegg om 3 millionar kroner til å utvikle modellbibliotek og samarbeid. Biblioteka skal vidareutviklast som offentlege møtestader og synleggjere folkebibliotek med gode tenester, møtestadsfunksjon og partnarskap. 

Digitalisering av privatarkiv

- Det er også gledeleg at det nå også kjem på plass ei tilskotsordning for privatarkiv, konsentrert om digitaliseringsarbeid, seier direktør Leikny Haga Indergaard i ABM-utvikling.

Få med deg siste nytt fra ABM-utvikling

Regjeringa gjer framlegg om at det vert løyvd 2 millionar kroner til denne tilskotsordninga, som skal administreras av ABM-utvikling. 

Digitalt fortalt

Regjeringas kulturbudsjett inneheld også eit framlegg om å løyve 1 million kroner til vidareføring av den interaktive formidlingstenesta Digitalt fortalt i 2010.

Les heile framlegget til statsbudsjett og pressemeldingar frå KKD på regjeringa.no