Side-alternativer

Skrifteboksen

Stavanger museum har fått 120 000 til prosjektet Skrifteboksen.

Skrifteboksen er ein nyskapande form for brukarundersøking og eit interaktivt medverrknadsprosjekt, skriv Stavanger museum i søknaden til Kulturrådet.

I prosjektet skal eit undervisningsopplegg, kreative refleksjonsøvingar og digital videokunst enda i ein fysisk installasjon. Prosjektet tar utgangspunkt i videoinstallasjonen "Tristans’ Ascension", 2005, lagd av Bill Viola. Verket er nyinnkjøpt ved Stavanger kunstmuseum, og vil vere ein del av museets permanente utstilling. Med utgangspunkt i dette verket skal det lagast ein digital “kunst-skrifteboks" der publikum kan reflektere rundt verket. Desse refleksjonane vert festa til film. målet er få inn rundt 200 reaksjonar på kunstverket frå publikum. Dei forskjellige refleksjonane og reaksjonane blir klipt ned til ein samla film. Filmen blir så montert i digitale monter på utsida av skrifteboksen.

Prosjektet vil, via ein slik kvalitativ metode, få publikum til å reflektere over eit konkret kunstverk på museet og dokumentere prosessen med estetisk verdi. Skrifteboksen vil fungere som eit sjølvforsterkande formidlingsverktøy, og opne for ein dialog mellom publikum, kunstnar og institusjon.

Les heile søknaden her