Iphone-app for arkivportalen
Arkivportalen finst allereie som app for Android. No skal han og kome på Iphone. Stiftelsen Asta har fått 200 000 frå Kulturrådet til utvikling.
Arkivportalen er ein nasjonal søketeneste på tvers av arkivinstitusjonanes katalogar. Her kan du finne informasjon om historiske arkiv og dokument som befinn seg i mangfaldet av arkiv i Noreg.
Arkivportalen.no blei lansert som app for Android hausten 2011. I løpet av ei veke
hadde 567 brukarar lasta ned appen og tilbakemeldingane frå brukarane har vore positive, skriv Stiftelsen Asta i søknaden.
Appene er meint å vere eit tilskot til Arkivportalen.no og rettar seg mot dei brukarane som føretrekk å alltid ha tilgang til arkiva.