Side-alternativer

Sikringsmidlar til musea 2010

I 2008 fekk 22 museum tilsegn om til saman 7,12 mill i sikringsmidlar. Rammene for 2010 vert fastsette i vedtak i Stortinget om statsbudsjettet.

Send søknaden direkte til ABM-utvikling. Statlege museum (dei tidlegare nasjonale musea under Kultur- og kyrkjedepartementet, universitetsmuseum, etatsmuseum) skal normalt fremje sikringstiltak gjennom dei ordinære budsjettsøknadane til dei respektive departementa.

Dei statlege sikringsmidla skal gå til tiltak i eksisterande museum, og då til tiltak som det ikkje var rimeleg å ta med i entreprisen då bygget vart reist. Sikringsmidla skal finansiere tiltak som kan førebygge og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri, ran, hærverk, naturskade og eventuell annan skade. Sikringsmidla kan óg finansiere utarbeiding av sikringsplanar. Institusjonen/museet har eit generelt ansvar for at bygningane til ein kvar tid har eit tilfredsstillande sikringsnivå, for planlegging og for gjennomføring av tiltak.

Ein føresetnad for støtte er at rekneskap for tidlegare tildelte sikringsmidlar er sendt inn.
Ta gjerne kontakt med ABM-utvikling for ein samtale om ønskjer og planlagde tiltak.

Avgrensing

Det vil normalt ikkje bli gjeve tilskot til sikringstiltak i samband med:

  • museumsbygg yngre enn 5 år
  • gjenreising, istandsetting eller ombygging av gamle bygningar og anlegg
  • nye utstillingar

Sikringstiltaka må i slike tilfelle finansierast som ein del av totalkostnadane/totalentreprisen.
Det vil normalt heller ikkje bli gjeve tilskot til sikringstiltak i samband med:

  • ordinært vedlikehald (til dømes utskifting/utbetring av elektriske anlegg opp til forskriftsmessig standard, bygningsarbeid – til dømes utbetring av tak)
  • personsikring (til dømes tiltak i samsvar med arbeidsmiljølov, sikring av publikum, naudlys/rømmingsvegar)
  • klimatiske tiltak (til dømes heving/senking av relativ luftfukt)
  • etablering/utarbeiding av arkiv, katalogar og/eller fotodokumentasjon
  • prosjekt som er sett i gang eller gjennomført

Korleis søke

Søknad leverast innan 15. oktober 2009 på eiga søknadsskjema.

Sikringsmidlar til musea:

Søknadsskjema på nynorsk rikt tekstformat

Søknadsskjema på nynorsk pdf

Søknadsskjema på bokmål rikt tekstformat

Søknadsskjema på bokmål pdf

Krav til søknaden

Søknaden skal innehalde følgjande opplysningar, nummerert frå 1 til 11. Vedlegg og fråsegner må følgje søknaden. Dersom nokre av opplysningane ikkje ligg føre, ber vi om ei kort grunngjeving for dette. Ein kan ikkje rekne med at ufullstendige søknadar blir handsama.

 

Retningsliner for gjennomgang av institusjonen

  • Omtale av verneobjekt og samling som skal sikrast
    Gje ei kort skildring, med opplysningar om bygningen/bygningane, byggeår, eventuelt ombyggingsår. Legg ved foto/teikningar. Opplys om bygningen er verneverdig/freda. Gje ei kort skildring av gjenstandar/samling som blir omfatta av tiltaket.
  • Kostnadsoverslag for tiltaket (inkludert mva)
    Sett opp ei samla oversikt over dei beløpa som inngår i tiltaket. Det skal gå tydeleg fram kva slags tiltak det gjeld, med referanse til vedlagt tilbod frå leverandør. Husk mva!
  • Finansieringsplan med oversikt over andre finansieringskjelder
    Normalt vil det ikkje bli gjeve meir enn 60 % av totalkostnadene i statstilskot. Finansieringsplanen skal gje ei oversikt over andre tilskot, med opplysning om tilskota er stadfesta (eigenkapital, kommunale tilskot, fylkestilskot, sysselsettings/arbeidsmarknadsmidlar, andre tilskot/gåver, lån).
  • Opplysning om tidlegare søknader (kva år) og eventuell støtte (beløp)
  • Opplysning om tidlegare gjennomført sikring av verneobjektet
  • Omtale av sikringstiltaka
    Beskriv sikringstiltaka. Tiltaka skal setjast i samanheng med institusjonens risikovurderingar og sikringsplan (jf punkt 11 under).
    Gjer greie for korleis trongen for tiltaket er vurdert (internt ved institusjonen, bruk av ekstern rådgjeving), og om det ligg føre prosjektering som gjev grunnlag for innhenting av anbod som kan jamførast. Institusjonen skal sørgje for at ein person/nokre personar får ansvaret for å følgje opp sikringsarbeidet. Antikvariske styresmakter er den rette instansen for å vurdere alle tiltak som medfører inngrep i freda/verneverdig bygning (dette gjeld óg elektriske anlegg).
  • Tekniske spesifikasjonar
    Legg ved relevant informasjon frå rådgjevar/prosjektør/installatør/leverandør, særskilde opplysningar om tekniske spesifikasjonar i samband med alarmanlegg med meir, og leverandør.
  • Opplysning om utstyr er FG-godkjend
    Legg ved opplysning om utstyr er godkjent av Forsikringsselskapa si Godkjenningsnemd. Bruk av materiale som ikkje er FG-godkjend, skal grunngjevast.
  • Opplysning om drifts- og serviceavtale i samband med tiltaka
    Det er viktig at museet inngår drifts- og serviceavtale i samband med tiltaka, og at det er samsvar mellom museets driftsøkonomi og kostnader til vedlikehald og eventuelle reparasjonar.
  • Fråsegn frå brannsjef (gjeld berre brannsikring)
    Legg ved ei skriftleg vurdering frå brannsjefen dersom søknaden gjeld brannsikring. Fråsegna skal vurdere verneobjekt og tiltak, innsatstid og brannvesenets kapasitet, og om bygningen er listeført i høve til § 13 i brannvernlova (særskilt brannobjekt).
  • Sikringsplan
    Sikringsplanen skal leggjast ved søknaden. Planen skal omhandle heile institusjonen, og ulike sikringstiltak skal vurderast og prioriterast i høve til kvarandre. Planen skal innehalde: 
    1. Beskriving
      Innleiingsvis skal sikringsplanen innehalde ein kort samanfatning av museets bygningar, anlegg, sikringsstatus og innsatstid (tal på minutt for å starte slokking/nå fram til institusjonen etter at alarm er aktivert), for brannvesen, vaktselskap og politi.
    2. Risikoanalyse
      Vurdering av risiko for brann/tjuveri/skadeverk, skade/tapshistorie, konsekvens.
    3. Brannførebyggjande tiltak
      Vurdering av elektrisk anlegg, reduksjon av fare for påtenning, rutinar for handverksarbeid, vurdering av brannfarlege væsker og fare for sjølvtenning, lynvernanlegg, overspenningsvern, rutinar og informasjon for bebuarar/tilsette og publikum.
    4. Brannavgrensande tiltak
      Brannalarm inne/ute, rutinar ved alarm (terminering til brannvesen, driftsansvar, oppfølging av feilmeldingar), erfaringar med dagens alarm. Brannsløkkingsutstyr inne/ute (type, tal, automatisk sløkkeanlegg). Vurdering av brannseksjonering, brannbelastning og fateevne i konstruksjon. Opplysning om branndokumentasjon og brannansvarlig.
    5. Automatisk sløkkeanlegg
      Sprinklaranlegg, vurdering av tørt/vått anlegg, korrosjonsmotstand (ønskeleg).
    6. Tjuveriførebyggjande tiltak
      Fysisk sikring av uteområde som gjerde, port og bom. Ytre bygningsskal som vindauge, dører, veggar og tak. Kontroll av uteområde og indre soner ved alarmar, belysning, vakt/tilsyn, ITV og tilkomstkontroll. Fysisk sikring indre sonar som tryggleiksglas, dører, veggar og montre. Organisering av bygget ved oppdeling i soner/sikringsnivå. Registrering og fotodokumentasjon av gjenstandar.
    7. Tjuverihemmande tiltak Rutiner ved alarm (terminering til vaktselskap, driftsansvar, oppfølging av feilmeldingar).
    8. Naturskade, anna skade
      Flaum, uvær, lekkasjar, sabotasje/hærverk og øvingar.
    9. Beredskap og krisehandtering
      Internkontroll, instruks for tilsette og rutiner for øvingar ved brann/tjuveri/ran/naturskade. Opplysning om øvingar, aksjonsrutiner, evakueringsplanar, restverdiredning.
    10. Prioritert tiltaksplan
      Prioritering etter risiko og konsekvens.