Samarbeids- og utviklingstiltak i abm-sektoren 2011
ABM-utvikling har som mål at arkiv, bibliotek og museum skal vere aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar. Midlar til samarbeids- og utviklingstiltak er ein viktig reiskap for å nå dette målet. Rammene for vert fastsette i vedtak i Stortinget om statsbudsjettet.
Prosjektmidlar for 2011
Ein er på jakt etter søknader om større fysiske eller digitale utviklingsprosjekt med stor overføringsverdi, og som bidreg til kvalitets- og kompetanseheving for heile arkiv- og museumssektoren. Prosjekt som er nyskapande, fremjar kritisk refleksjon og utviklar institusjonanes samfunnsrolle vert prioritert.
Utviklingsmidlane skal kome til nytte utover den einskilde institusjonen, gjerne i form av samarbeidsprosjekt mellom fleire institusjonar, samarbeid med forskingsmiljø, regionale samarbeidstiltak eller utvikling av faglege nettverk.
Større satsingar eller program må gjennomførast som opne og gjennomsiktige prosessar som kan stimulere til faglege diskusjonar og engasjement i fagmiljøa.
Ved tildeling vil ein serleg prioritere desse områda:
1) Forvaltning og tilgjengeleggjering av samlingar
Prosjekt og prosessar som fører til utvikling av fellestenester, fellesmagasin og tilgjengeleggjering av samlingar vert prioritert.
2) Formidling og dialog
Prosjekt og prosessar som inkluderer digital og annan nyskapande formidling, brukarmedverknad og publikumsundersøkingar vert prioritert.
Kven kan søkje?
Kulturinstitusjonar og organisasjonar med samlingsforvaltning og formidling / infrastruktur som ei kjerneoppgåve, fortrinnsvis arkiv og museum. Også søknader frå faglege nettverk vert prioritert.
Korleis søkje?
Søknaden skal leverast elektronisk til ABM-utvikling innan 15. oktober 2010. Den elektroniske søknadsportalen er open på www.abm-utvikling.no i tidsrommet 1. september - 15. oktober.
Til kvart prosjekt skal det utarbeidast framdriftsplan og budsjett. I hovudregelen bør institusjonen sjølv finansiere minst 50 % av kostnadene, men det kan bli gjort unntak for store utviklingsprosjekt med stor overføringsverdi. Regjeringa sine retningsliner for bruk av opne standardar og open kjeldekode må fylgjast.
Utviklingsmidlar kan gjevast til prosjekt som går over eitt til tre år, men fleirårige prosjekt må like fullt sende inn ny separat søknad for kvart år. Institusjonar som har motteke utviklingsmidlar til fleirårige prosjekt i 2009 og 2010 kan søke om støtte til vidareføring til desse prosjekta.
Kva kan det ikkje gjevast tilskot til?
Det vert ikkje gjeve stønad til reine digitaliseringsprosjekt, og heller ikkje til tiltak som må reknast som ordinær drift.
Det blir ikkje gjeve støtte til private næringsdrivande selskap eller bedrifter.
Kunngjering om tildelingar
Kunngjering om tildeling skjer til vanleg i februar etter at Stortinget har gjort vedtak om statsbudsjett og Kulturdepartementet har gjeve institusjonane tildelingsbrev.
I St. meld 20 (2009-10) gjer regjeringa framlegg for Stortinget om at ABM-utvikling og Norsk kulturråd vert slått saman. 1. januar 2011 opphøyrer ABM-utvikling som eigen institusjon og frå same dato vil alle i ABM-utvikling vere tilsett i Norsk kulturråd. Arbeidsoppgåvene innan arkiv, museum og digitalt abm vert vidareført i Norsk kulturråd.
Resultatet av tildelinga med søknader vert kunngjort på www.abm-utvikling.no / www.kulturradet.no. Alle som har søkt blir skriftleg orientert om resultatet frå Norsk kulturråd.