Samarbeids- og utviklingstiltak i abm-sektoren 2010
ABM-utviklings hovudmål er at arkiv, bibliotek og museum skal vere aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar, med vekt på nytenking, kritisk refleksjon og skapande innsikt. Prosjektmidlar til samarbeids- og utviklingstiltak for 2010 er ein viktig reiskap for å nå dette målet.
Rammene for prosjektmidlar vert fastsette i vedtak i Stortinget om statsbudsjettet for 2010.
Det kan gjevast tilskot til utviklingsprosjekt som har verdi utover den einskilde institusjonen, gjerne samarbeidsprosjekt mellom fleire institusjonar.
For prosjektmidlar i 2010 er dette de to satsingsområdene:
Satsingsområde 1: Møteplassar for kunnskaps- og kulturformidling
Publikum skal møte ei vitalisert formidling med utfordrande dialogar i fysiske og digitale rom.
ABM-utvikling vil prioritere prosjekt som:
- prøver ut nye former for kommunikasjon og formidling i eit abm-perspektiv
- skaper attraktive fysiske og digitale møteplassar og gjerne kombinerer desse
- vektlegg dialog, brukarmedverknad og sosiale teknologiar
- stiller spørsmål og sporar til debatt
- legg til rette for kulturmøte
- er ein del av nasjonale satsingar som t.d. Digitalt fortalt
Satsingsområde 2: Partnarskap og samarbeid
Arkiv, bibliotek og museum skal delta i samarbeidande nettverk for å gje betre tenester til publikum.
ABM-utvikling vil prioritere prosjekt som fokuserer på:
- faglege nettverk og partnarskap
- samarbeid regionalt, over sektorgrenser eller forvaltningsnivå
- samarbeid med forskingsmiljø
- samordning i biblioteknettverket
- samarbeid med institusjonar utanfor abm-sektoren
- samarbeid med friviljuge organisasjonar utanfor abm-sektoren
Kven kan søke?
Institusjonar og organisasjonar innanfor abm-sektoren.
Korleis søkje?
Søknaden skal leverast elektronisk innan 15. oktober 2009. Den elektroniske søknadsportalen er open i tidsrommet 1. september - 15. oktober. Portalen er nå stengt.
Støtte kan gjevast til prosjekt som går over eitt til tre år, men fleirårige prosjekt må like fullt sende inn ny separat søknad for kvart år. Regjeringa sine retningsliner for bruk av opne standardar og open kjeldekode må fylgjast i prosjekta.
Kva kan det ikkje gjevast tilskot til?
Det vert ikkje gjeve stønad til reine teknologi- eller digitaliseringsprosjekt, og heller ikkje til tiltak som må reknast som ordinær drift.
Det blir ikkje gjeve støtte til private næringsdrivande selskap eller bedrifter.