Samarbeids- og utviklingstiltak for arkiv og museum 2012
Norsk kulturråd er pådrivar for nye kunst- og kulturprosjekt og er eit rådgivande organ for staten i kulturspørsmål og ein strategisk utviklingsaktør på arkiv- og museumsfeltet. Det er eit mål at arkiv og museum skal vere aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar. Midlar til samarbeids- og utviklingstiltak er ein viktig reiskap for å nå desse måla.
Generelt om utviklingsprosjekt
Norsk kulturråd er på jakt etter søknader om større fysiske eller digitale utviklingsprosjekt. Prosjekta må ha stor overføringsverdi og bidra til kvalitets- og kompetanseheving for heile arkiv- og museumssektoren.
Prosjekt som er nyskapande, set fokus på institusjonanes samfunnsrolle, bidreg til refleksjon over eigen praksis innanfor tema som innsamling, utstilling formidling eller andre delar av museal og arkivfagleg verksemd, vert prioriterte.
Utviklingsmidlane skal kome til nytte utover den einskilde institusjonen, gjerne i form av samarbeidsprosjekt mellom fleire institusjonar, samarbeid med forskingsmiljø, regionale samarbeidstiltak eller utvikling av faglege nettverk.
Større satsingar eller program må gjennomførast som opne og gjennomsiktige prosessar som kan stimulere til faglege diskusjonar og engasjement i fagmiljøa.
Prioriterte område
1) Forvaltning og tilgjengeleggjering av samlingar
Prosjekt og prosessar som fører til utvikling av fellestenester, fellesmagasin og tilgjengeleggjering av samlingar vert prioriterte.
2) Formidling og dialog
Prosjekt og prosessar som inkluderer digital og annan nyskapande formidling, brukarmedverknad og publikumsundersøkingar vert prioriterte.
Kven kan søkje?
Kulturinstitusjonar og organisasjonar med samlingsforvaltning og formidling / infrastruktur som ei kjerneoppgåve, fortrinnsvis arkiv og museum. Også søknader frå faglege nettverk vert prioriterte.
Korleis søkje?
Søknaden skal leverast elektronisk til Norsk kulturråd innan 15. oktober 2011.
Til kvart prosjekt skal det utarbeidast framdriftsplan og budsjett. Som hovudregel bør institusjonen sjølv finansiere minst 50 prosent av kostnadene, men det kan bli gjort unntak for store utviklingsprosjekt med stor overføringsverdi. Regjeringa sine retningsliner for bruk av opne standardar og open kjeldekode må fylgjast.
Utviklingsmidlar kan gjevast til prosjekt som går over eitt til tre år, men fleirårige prosjekt må like fullt sende inn ny, separat søknad for kvart år. Institusjonar som har motteke utviklingsmidlar til fleirårige prosjekt i 2010 og 2011 kan søke om støtte til vidareføring av desse prosjekta.
Kontaktpersonar
Seksjon for museumsutvikling, leiar Espen Hernes, (21 04 58 32)
Seksjon for arkivutvikling, leiar Ranveig Gausdal, (21 04 58 28) / seniorrådgjevar Synne Stavheim (21 04 58 73)
Seksjon for e-kultur, leiar Gunnar Urtegaard, (21 04 58 86) / seniorrådgjevar Anders Olsson (21 04 58 56)
Feirfagleg seksjon, leiar Per Olav Torgnesskar (21 04 58 84) / seniorrådgjevar Åshild Andrea Brekke (21 04 58 15)
Kva kan det ikkje gjevast tilskot til?
Det vert ikkje gjeve støtte til reine digitaliseringsprosjekt, og heller ikkje til tiltak som må reknast som ordinær drift.
Det vert ikkje gjeve støtte til private næringsdrivande selskap eller bedrifter.
Kunngjering om tildelingar
Kunngjering om tildeling skjer til vanleg i februar, etter at Stortinget har gjort vedtak om statsbudsjett og Kulturdepartementet har gjeve institusjonane tildelingsbrev.
Resultatet av tildelinga med søknader vert kunngjort på www.kulturrad.no. Alle som har søkt vert skriftleg orientert om resultatet frå Norsk kulturråd, og tildelingane vert også kunngjort i Nyheitsbrev frå Kulturrådet.