17.11.2009 Slyngstad ny ABM-direktør
Stein Slyngstad tiltrer som ny direktør for ABM-utvikling, Statens senter for arkiv, bibliotek og museum.
Han tiltrer for en åremålsperiode på seks år frå 1. desember.
- Stein Slyngstad har solid erfaring frå store kulturinstitusjonar som har gjennomgått omstillingsprosessar. Han har eit sterkt engasjement for å ta fatt på utfordringane ved ABM-utvikling, seier kulturminister Anniken Huitfeldt i ei pressemelding.
Hør NRK-intervju med Slyngstad (vel 2/3 ut i sendingen)
Stein Slyngstad (f. 1960) er utdanna siviløkonom, og har dei siste par åra arbeidd som bedriftsrådgjevar.
Han har erfaring frå leiande stillingar i fleire kulturinstitusjonar. Han var direktør for Stavanger Symfoniorkester og Stavanger Konserthus frå 1992 til 1997. Frå 1997-2001 var han dagleg leiar for Henie Onstad Kunstsenter og han var direktør ved Norsk Filmfond frå 2001-2007.
Få med deg siste nytt fra ABM-utvikling
Åremålsperioden som direktør ved ABM-utvikling går frå 1. desember 2009 til 30. november 2015.
ABM-utvikling er eit statleg samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum. Institusjonen skal drive strategisk utviklingsarbeid for å samordne, effektivisere og styrkje dei tre sektorane. Det siste året er det lagt fram tre stortingsmeldingar som omtalar utfordringane innanfor arkiv, bibliotek og museumsfeltet: bibliotekmeldinga, digitaliseringsmeldinga og museumsmeldinga. ABM-utvikling vil i samarbeid med andre sentrale aktørar ha ei viktig rolle i oppfølginga av desse meldingane.