Side-alternativer

17.08.2009 Brukarundersøking om nettsidene

Takk til dei 138 som deltok i ABM-utvikling si brukarundersøking tidlegare i sommar. Den heldige vinnaren av en iPod er Edith Irene Vevang frå Bergen folkebibliotek.

Over 55 prosent av svara kom frå tilsette i biblioteksektoren, om lag 22 prosent frå museumssektoren og 14 prosent frå arkivsektoren. 

ABM-utvikling har starta prosessen med ei omorganisering og redesign av nettsidene. Det er utlyst ei stilling som prosjektleiar for eitt år til dette arbeidet og vi vonar på ei snarleg tilsetting. Denne undersøkinga er med på å danne eit grunnlag for dei nye nettsidene. Ny versjon av www.abm-utvikling.no vil bli lansert i 2010.