26.06.2008 Abm-satsing i regionane
Nordland, Møre og Romsdal og Vestfold fylke har fått 340.000 kroner kvar av ABM-utvikling for å utvikle regionale handlingsplanar for abm-samarbeid og nettbasert formidling.
I april i år gjekk invitasjonen ut til alle fylka om å lage søknader for å få fortgang i det regionale digitaliserings-og formidlingsarbeidet. Ti fylke søkte. Alle fylka har vore i møte med ABM-utvikling der søknadar og arbeidet i fylka har vore drøfta.
- Mange kulturinstitusjonar minner om isfjell, seier avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard i ABM-utvikling. –Berre ein liten prosentdel av det dei har vert vist fram og er tilgjengeleg. Dette må det gjerast noko med, seier han.
Han understreker at alle søknadene hadde store kvalitetar. Dei som har fått midlar har fått det like mye på grunn av utviklingspotensialet som for det dei faktisk har gjort. I tillegg til det har og historiske og geografiske forskjellar fylka imellom hatt betydning for tildelingane.
- Nordland har lang tradisjon for kultursatsing. Dei har kome langt på det digitale området men manglar ein plan. Møre og Romsdal og Vestfold har på si side kome langt i utviklinga av kulturportalen kulturnett.no og viser stor vilje til digital satsing, seier Urtegaard.
- Røynslene frå fleire stadar her i landet og frå utlandet syner klårt at når abm-institusjonane får innhald og tenester ut på nettet så oppstår det ein ny situasjon. Nye brukarar kjem til. Nye kontaktar vert knytte mellom institusjonane og publikum. Reiselivet og skuleverket melder seg og ser at her er det spanande område for samarbeid. Dette styrkjer institusjonane og gjer det lettare for dei å utføra sitt samfunnsoppdrag på nye og betre måtar, sier Gunnar Urtegaard.