Skrift #71
Balansekunst. Erfaringer fra Forsvarsmuseets huskunstnerprosjekt.
I 2010 starta Forsvarsmuseet i Oslo eit samarbeid med kunstnaren
Morten Traavik. Prosjektet «artist-in-residence» gjekk ut på at Traavik
skulle vere huskunstnar på museet. Kulturrådet likte prosjektet og
løyvde 200 000 kroner.
Meininga var at prosjektet skulle gå parallelt med museets eige arbeid med ombygging og installasjon av nye utstillingar fram mot 2014. Kunstnaren kunne sjåast på som observatør og kommentator til museets eigen utstillings- og formidlingsprosess. Intensjonen var å skape dialog, nye blikk, kommentar og debatt. Ein skulle ikkje unngå vanskelege tema og vikarierande sivile og militære sanningar, og kunstnaren sto fritt i høve til museet.
Morten Traavik installerte seg i museet og begynte å produsere kunst. I byrjinga gjekk det bra, men etter kvart steig friksjonen mellom kunstnaren på ei side og tilsette, leiing og eigarar på den andre. I kunstverket Hærwerk tredde Traavik ein kjempekondom på raketten “Honest John” og stilte han opp utanfor museet. Etter ei storstila lansering med mykje ros og medieomtale, blei stemninga gradvis meir negativ. Kunstverket og kunstnaren møtte etter kvart sterk kritikk internt i Forsvarsmuseet, frå forsvarsleiinga og museumsvener. Forsvarsmuseet fekk så klare signal frå forsvarsleiinga, at dei endte opp med å stoppe prosjektet.
Balansekunst. Erfaringer fra Forsvarsmuseets huskunstnerprosjekt (pdf)
Balansekunst
I rapporten «Balansekunst» har Kulturrådet samla ein del av erfaringane dei ulike partane hadde med prosjektet. Åshild Andrea Brekke og Siri Slettvåg i Kulturrådet har redigert erfaringsrapporten der mellom anna Traavik, forsvarsmuseet og prosjektleiaren har skrive om sine erfaringar med prosjektet.
Morten Traavik har intervjua seg sjølv og er kritisk til samarbeidet med museumsleiing og eigarar. «All kjeften fra Forsvarsledelsen og blant pensjonerte offiserer i Forsvarsmuseets venner etter Honest John-pårullingen 15. mars gjorde at vi resten av året måtte krangle og/eller trygle oss til stort sett all assistanse, også fra de fleste av museets egne ansatte for å gjennomføre de gjenværende prosjektene», skriv han. Å ha atelieret der blei etter Traaviks oppfatning ein «utholdenhetsprøve, en slags eksistensiell boot camp.»
Rune Gjerald er direktør for forsvarsmuseet. Han er samd med Traavik i at samarbeidet ikkje fungerte godt og peiker på fleire årsaker. Val av kunstnar burde vore betre fundert i organisasjonen og prosessen opnare og betre styrt, meiner han. Museet følte ikkje eigarskap til prosjektet, noko som og var ei medverkande årsak til problema. Men Gjerald er og klar på at problema med dette prosjektet ikkje har verka avskrekkande på museet: «Forsvarsmuseet har gjort seg en hel del nyttige og viktige erfaringer gjennom hele denne prosessen. At prosjektet ikke gikk som det skulle denne gangen, har ikke lagt lokk på denne typen prosjekter i fremtiden.»
Andre bidragsytarar til rapporten er Inger Astri Kobbevik, prosjektleiar på Forsvarsmuseet, Kari Aasjord White, prosjektmedarbeider, Norsk Luftfartsmuseum, Eva-Sofi Ernstell, direktør for Armémuseet i Stockholm, Siri Slettvåg og Åshild Andrea Brekke, Norsk kulturråd.