Side-alternativer

ABM-skrift #49

Statistikk for arkiv, bibliotek og museum 2007

2007 er det første året statistikken femner over heile abm-sektoren, i og med at også norske arkiv er med. Førebels er det berre ei pilotundersøking der det er henta inn statistikk frå 33 arkivinstitusjonar. Siktemålet er å få inn data frå alle institusjonar som tek i mot arkiv, også bibliotek og museum.

Publikasjonen inneheld elles statistikk frå folkebibliotek, fengselsbibliotek, bibliotek i folke- og vidaregåande skule, fag- og forskingsbibliotek og museum.

Statistikk for arkiv, bibliotek og museum 2007 (pdf)