Side-alternativer

Vedtekter for ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum

Fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet 6. mars 2003

§ 1 ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum er ein statsinstitusjon under Kultur- og kyrkjedepartementet oppretta frå 1. januar 2003. Innanfor ansvarsområdet sitt skal ABM-utvikling arbeida på tvers av departementale og andre administrative grenselinjer. Institusjonen kan i samband med dette ha direkte dialog med ulike fagdepartement og fagetatar, men må samstundes tilpassa seg deira styrings- og fagansvar.

§ 2 ABM-utvikling har til hovudoppgåve å driva aktivt, strategisk utviklingsarbeid for å samordna, effektivisera og styrkja arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. ABM-utvikling skal setja institusjonane og sektorane betre i stand til å løysa faglege oppgåver og til å møta nye utfordringar i samfunnet og skal arbeida med heile spekteret av funksjonar innanfor arkiv, bibliotek og museum.

§ 3 ABM-utvikling skal fremja samarbeid mellom dei tre sektorane der dette framstår som formålstenleg, men skal leggja vekt på den faglege eigenarten og dei funksjonane som kvar av sektorane og dei spesifikke samlingane deira representerer. ABM-utvikling skal samarbeida fagleg med Arkivverket og Nasjonalbiblioteket og tilpassa eiga verksemd i høve til den kompetansen og dei funksjonane som desse etatane er tillagde.

§ 4 ABM-utvikling forvaltar midlar som kan nyttast både til eigeninitierte prosjekt og til å støtta tiltak i regi av andre aktørar. ABM-utvikling kan òg forvalta faste tilskotsmidlar og kan tilleggjast andre forvaltningsoppgåver. ABM-utvikling skal vera rådgjevande instans for offentlege styresmakter.

§ 5 ABM-utvikling skal leiast av eit styre på åtte medlemmer oppnemde av Kultur- og kyrkjedepartementet for ein periode på fire år. To av medlemmene blir oppnemnde i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet, ein i samråd med Miljøverndepartementet og to medlemmer med varamedlemmer etter framlegg frå dei tilsette. Kultur- og kyrkjedepartementet utpeiker leiar og nestleiar. Styret er vedtaksført når minst fem medlemmer er til stades.

§ 6 Styremøte skal haldast når styreleiar eller minst tre styremedlemmer krev det. Styrearbeidet blir honorert etter dei statlege satsane for utvalsgodtgjersle. Frå styremøta skal det førast protokoll som gjer greie for vedtak og kven som var til stades. Direktøren er med på styremøta og har tale- og forslagsrett. Direktøren fører protokollen med mindre styret fastset ei anna ordning.

§ 7 Styret skal vedta strategiske planar og budsjett, gjera vedtak i saker av overordna og prinsipiell karakter, sjå til at drifta av ABM-utvikling heile tida er i samsvar med vedtektene, relevante lover, regelverk og retningslinjer for statleg forvaltning og dei retningslinjene departementet gir gjennom tildelingsbrev og andre vedtak. Styret skal vedta budsjettframlegg, årsmelding og rekneskap, gi fråsegn i saker der departementet har bedt styret om det, innstilla overfor departementet ved tilsetjing av direktør og vera ankeorgan for vedtak i tilsetjingsråd.

§ 8 Innanfor dei rammene som følgjer av reglar og retningslinjer, har direktøren eit samla ansvar for dei oppgåvene som til kvar tid ligg til institusjonen. Direktøren skal førebu saker for styret, gjennomføra tiltak og oppgåver som departementet og styret fastset for ABM-utvikling, utarbeida og iverksetja formålstenlege planar for institusjonen, gi departementet råd i relevante spørsmål, leggja til rette for at ABM-utvikling har eit godt samarbeid med alle aktørar som institusjonen har med å gjera.