ABM-utvikling
ABM-utvikling driv aktivt, strategisk utviklingsarbeid for å styrke arkiv, bibliotek og museum som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar. ABM-utvikling arbeider på tvers av faglege sektorgrenser og ivaretek departementsovergripande samarbeidsoppgåver i tilknytning til dei tre felta.
ABM-utviklings drift er basert på dei årlege løyvingane over statsbudsjettet og tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet.
I 2008 hadde ABM-utvikling eit budsjett til drift og prosjekt- og utviklingstiltak på 91,7 millioner kroner.
I tillegg forvalta ABM-utvikling faste tilskotsordningar på til saman 72,7 millionar kroner, spelemidlar for 1,7 millionar kroner og 36,9 millionar kroner knyttet til oppdragsverksemd (hovudsakleg konsortieavtalar). ABM-utvikling fordelte i 2008 38,3 millionar kroner i prosjektmidlar.
I 2009 har det kome tre stortingsmeldingar innanfor ABM-utviklings hovedfelt:
- St.meld. nr. 24 (2008–2009) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv
- St.meld. nr. 23 (2008–2009) Bibliotek. Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid
- St.meld. nr. 49 (2008-2009) Framtidas museum. Forvaltning, forskning, formidling, fornying
Mål for 2010:
- bidra til at arkiv, bibliotek og museum blir styrka som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar
- fremje læring og kunnskaps- og kulturformidling
- fremje utvikling av digitalt innhold og tenester
- fremje utvikling og sikring av samlingar
- fremje samhandling og nytenkning innanfor organisasjons- og nettverksbygging