20.08.2010 Utlysing av sikringsmidlar
Dei økonomiske rammene for tildeling av sikringsmidlane vert fastsette i statsbudsjettet for 2011. I 2010 fekk 21 museum tilsegn om til saman 9,12 mill i sikringsmidlar. Søknadsfristen er 15. oktober.
Det er musea i det nasjonale museumsnettverket under Kulturdepartementet som kan søke dei statlege sikringsmidlane. Museum under andre departement skal normalt fremje sikringstiltak gjennom dei ordinære budsjettsøknadane til dei respektive departementa.
Få alltid med deg siste nytt fra ABM-utvikling
Dei statlege sikringsmidla skal gå til tiltak i eksisterande museum, og då til tiltak som det ikkje var rimeleg å ta med i entreprisen då bygget vart reist. Sikringsmidlane skal finansiere tiltak som kan førebygge og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri, ran, hærverk, naturskade og eventuell annan skade.