Side-alternativer

05.01.2010 Ønskjer meir forsking i musea

Seniorrådgivar Liv Ramskjær ønskjer at musea får ein meir synleg plass i forskingsmiljøet.

Ønskjer meir forsking i musea

Seniorrådgivar Liv Ramskjær er intervjua i magasinet NB21.

Det seier ho til NB21.

– Slik det er i dag løyser musea dette på ulik måte. Nokre forskar mykje, andre ikkje i det heile teke. Heilt naturleg eigentleg, når vi ser på kor ulike musea er. Men det er fleire museumstilsette med doktorgradskompetanse no enn tidlegare, og musea melder tilbake at dei har vorte meir attraktive arbeidsplassar for folk med høgare kompetanse. Ei utfordring er å få til godt samarbeid med dei andre forskingsmiljøa, og det er vanskeleg å få midlar til forsking frå til dømes Forskingsrådet: Eit problem vi deler med museum i
andre nordiske land, seier Ramskjær i ABM-utvikling.

 Få alltid med deg siste nytt fra ABM-utvikling

– Trass i dette har vi nokre spennande prosjekt som har fått midlar. Eg kan nemne Bergen Kunstmuseum der dei forskar på søppelkunst, og Museum Nord som forskar på kystkulturliv. For å stimulere forskinga i musea ytterlegare, har ABM-utvikling, i samarbeid med Riksantikvaren og Norsk kulturråd, dei tre siste åra gjennomført KAFF-prosjektet. Målet med dette prosjektet er å setje fokus på forskingsbehova innan kulturarvsektoren. I tillegg har ABM-utvikling og Norsk kulturråd starta pilotprosjektet «Forsking og museum» der vi har sett av nokre stimuleringsmidlar, og invitert eit knippe museum til å komme med framlegg til forskingsprosjekt i samarbeid med universitets- og høgskolesektoren.

Les hele artikkelen på side 16 og 17 i NB21.