15.03.2010 Museumsbesøk - mer enn en fridag
Korleis fungerer samarbeidet mellom skule og museum i Noreg? Vert musea som læringsarena utnytta på best mogleg måte?
Kva er hovudutfordringane når det gjeld å få til eit godt samarbeid? Desse og fleire andre spørsmål danna utgangspunktet for ’Museum og skole’, eit forskingsprosjekt i regi av ABM-utvikling og Høgskolen i Oslo (HiO), der målet var å skaffa meir kunnskap om korleis samarbeidet mellom skular og museum føregår, skriv ABM-direktør Stein Slyngstad i forordet til den ferske rapporten "Museumsbesøk - mer enn en fridag".
Få alltid med deg siste nytt fra ABM-utvikling
I 2006 og 2007 inviterte ABM-utvikling og Høgskolen i Oslo museumspedagogar og lærarar til å prøva ut konkret korleis samarbeid mellom skule og museum kan gjennomførast slik at elevar får eit best mogleg utbytte av museumsopplegget, og slik at dei to institusjonane utfyller kvarandre som læringsarena.
Denne rapporten skildrar det teoretiske rammeverket og metodiske underlaget for prosessen, i tillegg til dei ulike samarbeidsprosjekta og erfaringane ein gjorde seg undervegs. Resultata frå ’Museum og skole’-prosjektet syner at det ligg eit fruktbart potensial i eit systematisk og læringsteoretisk godt forankra samarbeid mellom skule og museum.
(Denne saken ble opprinnelig publisert 4. mars)