2008-12-09 Mange meninger om museene – ny rapport
I 2007 hadde norske museum over ti millionar besøkande. Kvifor kjem så mange til musea, og kva opplever dei der?
Statistikken seier ingenting om kven som ikkje går på museum. Er dette spesielle grupper? Kvifor kjem dei ikkje?
Internasjonal forsking
Dette er sentrale spørsmål i formidlingsarbeidet til musea. Musea er viktige kjelder til oppleving og kunnskap, og skal fungera som gode møteplassar for folk i alle aldrar og samfunnslag, enten dei kjem tilreisande eller bur i lokalmiljøa. Internasjonal forsking syner at det ligg eit stort potensial for musea i å bruka tid og ressursar på systematiske publikumsundersøkingar, slik at dei vert i betre stand til å møta museumsgjestene på ein engasjerande måte – eller rett og slett til å nå fram til nye, spennande, men hittil ”uoppdaga”, målgrupper.
Kvalitative publikumsundersøkingar
Våren 2007 gjennomførte studentar ved årsstudiet i museumsformidling ved Høgskolen i Oslo (HiO) ei rekkje kvalitative publikumsundersøkingar ved ulike museum. Denne rapporten er sett saman av eit utval artiklar basert på desse undersøkingane, som var del av eksamensopplegget frå modulen ”Museenes målgrupper”.
Ulike målgrupper
Målgruppene som vert skildra i rapporten, er ganske ulike. Dei inkluderer både organiserte grupper, som skuleklassar, og meir uformelle typar publikum, som tilfeldige museumsgjester. Artiklane syner likevel at det er mogleg å få meir kunnskap om kva ulike grupper tenkjer om eller ønskjer seg av musea, enten dei har mykje eller lite erfaring med å gå på museum.
Artikkelsamlinga er ei oppfølging av rapporten “Barn og unges meninger om museer” (ABM-skrift #37), og er eit resultat av samarbeidet mellom Høgskolen i Oslo og ABM-utvikling om Årsstudium i museumsformidling 2006-2008.
Her finn du rapporten ”Mange meninger om museene” (2008)
Andre publikasjonar om publikumsundersøkingar:
Barn og unges meninger om museer (2007)