11.04.2008 Kari Gjesteby ny styreleiar i ABM-utvikling
Kultur- og kyrkjedepartementet har oppnemnt nytt styre for ABM-utvikling. Det nye styret har funksjonstid fram til 31.12.2011.
ABM-utvikling blir leidd av eit styre på åtte medlemmer som blir oppnemnde av Kultur- og kyrkjedepartementet. To av medlemmene blir oppnemnde etter framlegg frå Kunnskapsdepartementet (KD), ein etter framlegg frå Miljøverndepartementet (MD) og to medlemmer med varamedlemmer blir oppnemnde etter framlegg frå dei tilsette i ABM-utvikling. Det nye styret har funksjonstid fram til 31. desember 2011 og har følgjande samansetjing:
Styreleiar:
Direktør i Noregs Bank Kari Gjesteby
Medlemmer:
Ekspedisjonssjef i Fiskeridepartementet Arne Benjaminsen
Direktør for Kunstmusea i Bergen Anniken Thue
Bibliotekdirektør ved Universitetet i Oslo Bente Andreassen, etter framlegg frå KD
Generalsekretær i Universitets- og høgskolerådet Ola Stave, etter framlegg frå KD
Seksjonssjef ved Kulturhistorisk museum i Oslo Karl Kallhovd, etter framlegg frå MD
Avdelingsdirektør i ABM-utvikling Tone Moseid (permisjon medan ho er konstituert som avdelingsdirektør)
Seniorrådgjevar i ABM-utvikling Ranveig Gausdal
Varamedlemmer:
Seniorrådgjevar i ABM-utvikling Espen Hernes er personleg varamedlem for Moseid
Seniorrådgjevar i ABM-utvikling Jens Vindvad er personleg varamedlem for Gausdal.
Kultur- og kyrkjedepartementet har oppnemnt nytt styre for ABM-utvikling Statens senter for arkiv, bibliotek og museum.