Side-alternativer

Vil dokumentere Hardangerbrua

Ferjene som har trafikkert Hardangerfjorden sidan 1930 skal erstattast av ei bru. Hardanger og Voss museum vil dokumentere ferjetrafikken og endringane som den nye Hardangerbrua fører med seg. For å gjere dette får museet 150 000 av ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum.

- Dette er eit interessant og gjennomarbeidd prosjekt, som kombinerer dokumentasjon og formidling av ein vesentleg endring både i kulturlandskap og i samferdsel, seier avdelingsdirektør Randi Ertesvåg i ABM-utvikling.

Brua fører med seg endringar for menneska som bur her, men og endringar i landskapet. Begge deler skal dokumenterast. Til dømes vil brua kome berre 100 meter frå den verneverdige garden Vallevik. Kva vil dette ha å seie? Den kjende norske fotografen Anders Wallevik budde her og etterlet seg dokumentasjon frå den tida. Desse fotografia skal integrerast i dokumentasjonen. Museet vil og dokumentere debatten om Hardangerbrua og den siste ferjereisa. 

Kanskje forsvinn det romantiske biletet av Hardanger, men biletet blir erstatta av eit nytt. Kva det blir, vil ein ikkje finne ut av før brua er ferdig i 2011.

I 2007 kom det inn 334 søknader til ABM-utvikling om i overkant av 105 millionar kroner. 87 fekk tilsegn om til saman 26 millionar. Søknadane omfattar læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

 

Pressekommentar:

informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369
e-post: atle.faye'snabel-a'abm-utvikling.no

avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
telefon: 906 28 621
e-post: randi.ertesvag'snabel-a'abm-utvikling.no

 
Oversikt over tildelingar

Oversikt over pressemeldingar