Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Norsk kulturråd (ABM-utvikling)

Du er her: Forside For pressen Pressemeldinger Tildeling av 2,4 millionar til kulturarv for Den kulturelle skulesekken i den vidaregåande skulen
Side-alternativer

Tildeling av 2,4 millionar til kulturarv for Den kulturelle skulesekken i den vidaregåande skulen

Tildelinga av produksjonsmiddel til kulturarvfeltet i den vidaregåande skulen i Den kulturelle skulesekken er no klar. ABM-utvikling, som nasjonal aktør for kulturarv i skulesekken, har handsama og fordelt 2,4 millionar kroner.

Stort mangfald i aktivitetar

Søknadene har kome frå ulike institusjonar og aktørar i heile landet, og dei syner eit stort mangfald i aktivitetar på feltet. Fleire av prosjekta har ein tverrfagleg ståstad med kombinasjon av ulike kulturuttrykk.

- Vi vonar at denne eingongsløyvinga kan gje skulesekken ein viktig plass i den vidaregåande skulen, seier Randi Ertesvåg, avdelingsdirektør i ABM-utvikling.

ABM-utvikling fekk inn 53 søknader med ein total søknadssum på 7,66 millionar kroner. 23 av søkarane fekk tildelt midlar.

Ei samla tildeling på 7,4 millionar frå KKD

Tildelinga var eit eingongstilfelle løyva av Kultur- og kyrkjedepartementet etter ei omdisponering av fjorårets spelemidlar. Ho vart øyremerka Den kulturelle skulesekken i den vidaregåande skulen for å auke aktiviteten på tre område: scenekunst, litteratur og kulturarv. Totalt 7,4 millionar kroner skulle fordelast til produksjonar innanfor desse felta.

Oversikt over kven som er løyvd midlar til kulturarvsproduksjonar

Pressekontakt 

Avdelingsdirektør for museumsutvikling, Randi Ertesvåg
- telefon: 906 28 621 / 23 11 75 00
- e-post: randi.ertesvag(a)abm-utvikling.no