Document Actions

Telavåg-hendinga blir digital forteljing

Museum Vest får 245 000 kroner av ABM-utvikling til å lage digitale forteljingar om krigshendingane i Telavåg.

Historiene til dei som var barn i 1942 skal vise unge innvandrarar og flyktningar i Noreg ein måte der også dei kan fortelje sine historier. Museum Vest får tilskot til to prosjekt. I hovudprosjektet skal ein tilgjengeleggjere kjeldemateriale om Telavåghendingane. I eit anna delprosjekt skal det lagast digitale forteljingar.

Krigstraume

- Det er viktig å ta vare på Telavåg-historiene før forteljarstemmene opphøyrer, seier informasjonsdirektør Atle Faye i ABM-utvikling. Krig og krigstraumer er ei dagsaktuell problemstilling i norske klasserom. Prosjektet til Museum Vest koplar vår eiga historie til opplevingane mange av våre nye landsmenn har vore utsette for.

Telavåg-hendinga

Telavåg er ein tettstad i Sund kommune på Sotra. 30. april 1942 vart staden jamna med jorda som hemn for ei skotveksling mellom norske kompani Linge-folk og Gestapo. To Gestapo-offiserar og ein frå kompani Linge døydde. Bygda, som stod svært sentralt i det norske motstandsarbeidet og i nordsjøfarten, vart hardt straffa. Husa vart sprengt og brent, båtane seinka og buskapen slakta. 72 menn vart sende til Sachsenhausen konsentrasjonsleir, 31 av dei døydde. Resten av folket i Talevåg vart internerte i Noreg. På Trandum vart 18 avretta som "sonoffer" for dei to Gestapo-offiserane.  

Digitalt fortalt

Digitalt fortalt er ein ny nettstad der institusjonar og privatpersonar kan legge inn forteljingar knytt til kulturminne. Desse historiene blir kopla opp mot kart, foto, geografiske område eller same tema. Digitalt fortalt er ABM-utvikling si satsing i Kulturminneåret.

Fakta om tildelinga

I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 913 47 369
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

  • Prosjektsøknad  - hovudprosjekt (pdf)
  • Prosjektsøknad - delprosjekt (pdf)