Side-alternativer

Stadnamn i Nordland på nett

Bukselia, Gjota, Hankelia, Heimstelia, Humpelia. Dette er fem av 180 000 stadnamn og kulturminne Nordland fylkeskommune samla inn frå midten av 1980-talet til 2004. Fram til no har namna lege i ein utilgjengeleg database. For at flest mogleg skal få tilgang til desse, har Arkiv i Nordland fått 430 000 kroner av Norsk kulturråd til å kartfeste og legge desse ut på Internett.

- Det innsamla materialet er unikt i Noreg, ved at det og inneheld svært detaljert lydskrift og uttale av stadnamna, seier avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard i Kulturrådet. - Både stadnamn og kulturminne er spanande kjelder til kvardagshistorie og arbeidsliv. Innhaldet i stadnamndatabasen kan sjåast på som del av eit samla nasjonalt løft for digitalisering på kulturfeltet.

Det viktigaste føremålet med prosjektet er å gi publikum langt betre tilgang til kulturinformasjonen enn dei har i dag, skriv Arkiv i Nordland i søknaden. Dei ser og på reiseliv, friluftsliv og utmarksnæringar som potensielle målgrupper. Det same er grunnskole, vidaregåande skole og høgare utdanning.

Les søknaden her

Fakta om tildelinga

I 2011 deler Norsk kulturråds administrasjon ut 20 millionar kroner til 60 utviklingsprosjekt i arkiv og museum. 

Det kom inn 154 søknader om nesten 65 millionar kroner i utviklings- og sikringsmidlar for 2011. Sikringsmidlane vert offentleggjort 8. februar.

Utviklingsmidlane for abm-sektoren har tidlegare vore forvalta av ABM-utvikling. Frå 1. januar 2011 er ABM-utvikling ein del av Norsk kulturråd.

Sjå alle tildelingane her

Pressekontakt

Informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye@kulturrad.no

Avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard
- telefon 977 72 807 / 23 11 75 00
- e-post: gunnar.urtegaard@kulturrad.no