Side-alternativer

Slusken fortel

Kraft-rallaren blir digital. De Heiberske Samlinger – Sogn Folkemuseum får 200 000 kr frå ABM-utvikling til å lage digitale forteljingar om historier og kulturminne frå anleggstida ved Tyin-utbygginga i Årdal.

Rallaren Karl sit på ein stein ved eit gamalt tunnell-inntak i dalsida over Øvre Årdal. Han fortel historia si, om den gongen for 100 år sidan han jobba på veg og kraftanlegget. Han fortel om løn og matpengar, om slit og fritid, om arbeidsmetodar, brakkeliv, kokker, og den gongen salva gjekk av.

Slusken fortel skal vere både ein opplevingsfilm og eit dokumentasjons- og formidlingsprosjekt.

- Dette er eit interessant prosjekt om gamal arbeidarkultur som kan ha stor overføringsverdi for andre område av landet, seier informasjonsdirektør Atle Faye i ABM-utvikling. Historiene om desse kulturminna kan bli eit viktig bidrag i Digitalt fortalt.

Digitalt fortalt

Digitalt fortalt er ein ny nettstad der institusjonar og privatpersonar kan legge inn forteljingar knytt til kulturminne. Historiene blir kopla opp mot kart, foto, geografiske område eller same tema. Digitalt fortalt er ABM-utvikling si storsatsing i Kulturminneåret.

Fakta om tildelinga

I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.

Pressekommentar

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 913 47 369
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

Relatert innhold