Side-alternativer

Skal samle inn historier ved bålet

Glomdalsmuseet får 230 000 kroner av Norsk kulturråd til å samle inn historier frå tateranes forteljartradisjon og presentere desse historiene digitalt.

Historiene er munnlege forteljingar som seier noko om tateranes identitet, sjølvforståing, livsglede, samhald og humor. Prosjektet “Historier ved bålet” skal skje i eit nært samarbeid med romanifolket og gje auka forståing for korleis denne gruppa i mange år har vore ein del av Noregs kulturelle mangfald. Samstundes skal også formidlinga føre til at taterane sjølv kjenner stoltheit over eigen kultur ved at historiene deira blir framstilt på ein positiv måte.

- Det er viktig at tateranes forteljingar blir dokumentert og formidla, seier avdelingsdirektør Randi Ertesvåg i Norsk kulturråd. - Dokumentasjon av den munnlege forteljartradisjonen inngår i vårt arbeid med å dokumentere og styrkje den immaterielle kulturarven.

I desember fekk Kulturdepartementet oversendt ei utgreiing frå ABM-utvikling med tilrådingar om korleis Noreg kan følgje opp arbeidet med den immaterielle kulturarven. I 2007 ratifiserte Noreg UNESCOs konvensjon av 17. oktober 2003 om vern av den immaterielle kulturarven. Konvensjonens føremål er å verne immaterielle kulturuttrykk, og med det synleggjere og sikre respekt og anerkjenning for enkeltsamfunns, gruppers og personars immaterielle kultur.

Romanifolket/tatarane har hatt ein sterk munnleg forteljartradisjon. For eit omreisande handelsfolk var det viktig å ha talegåvene i orden, og det finst mange historier om kva ein god handelsmann av reisande slekt kunne få ein godtruande fastbuande til å kjøpe. Men i tillegg til den reint “kommersielle funksjonen” bidrog songen og dei gode historiene rundt bålet også til å bearbeide vanskelege kjensler og ein hard kvardag, samtidig som dei skapte samhald og glede.

Les søknaden her

Fakta om tildelinga

I 2011 deler Norsk kulturråds administrasjon ut 20 millionar kroner til 60 utviklingsprosjekt i arkiv og museum. 

Det kom inn 154 søknader om nesten 65 millionar kroner i utviklings- og sikringsmidlar for 2011. Sikringsmidlane vert offentleggjort 8. februar.

Utviklingsmidlane for abm-sektoren har tidlegare vore forvalta av ABM-utvikling. Frå 1. januar 2011 er ABM-utvikling ein del av Norsk kulturråd.

Sjå alle tildelingane her

Pressekontakt

Informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye@kulturrad.no

Avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
- telefon  906 28 621 / 23 11 75 00
- e-post: randi.ertesvag@kulturrad.no