Side-alternativer

Skal bli flinke å fortelja på nettet

Arkiv, bibliotek og museum har mange dyktige fagfolk. Desse skal no bruka kompetansen sin til å laga ein kunnskapsbase på Internett.

Dei tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal har alle fått 150.000 kroner kvar for å skriva populærvitskaplege fagartiklar på Internett. Det er ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, som deler ut. Målet er å løfta fram kulturarven på ein måte som fungerer godt på nettet. Arbeidet skal skje i samarbeid mellom abm-institusjonar og regionale kulturnett. ABM-utvikling og Kulturnett.no skal ha ein rådgjevande rolle.

- Me har mange gode døme på at slike artiklar styrkjer samarbeidet og dialogen mellom abm-sektoren og viktige målgrupper som skuleverket og reiselivet, seier avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard i ABM-utvikling.  - Me ynskjer at fagfolk i abm-institusjonane skal bli flinkare  til å skriva for Internett, og desse prosjekta gir auka kompetanse.

Sogn og Fjordane har arbeidd med slike artiklar i fleire år. Det same har trøndelagsfylka gjennom prosjektet Kildenett.no, som og fekk støtte. Arbeidet har og starta i Buskerud. Ein artikkel kan vera tekst og bilete, men det kan og vera lydopptak, video eller ei blanding av dette.  
- Me ser her kimen til eit landsdekkande kulturhistorisk leksikon på Internett, seier Urtegaard.

Norsk kunnskapsdatabase

Hordaland fylkesarkiv                      Nettbasert kulturformidling i Hordaland
Stavanger museum                         Rogalandhandbok for Rogaland online
Kulturnett Møre og Romsdal             Forhistorie og eldre historie på nett

I 2007 kom det inn 334 søknader til ABM-utvikling om i overkant av 105 millionar kroner. 87 fikk tilsegn om til saman 26 millionar. Søknadane omfattar læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innan organisasjons- og nettverksbygging.

 

Pressekommentar:

informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369
e-post: atle.faye'snabel-a'abm-utvikling.no

avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard
telefon: 97 77 28 07
e-post: gunnar.urtegaard'snabel-a'abm-utvikling.no

Oversikt over tildelingar

Oversikt over pressemeldingar