525 000 kr til samisk kulturarv
På den samiske nasjonaldagen offentleggjer ABM-utvikling støtte til fem prosjekt med samtidsperspektiv på den samiske kulturarven.
Prosjekta, knytt til ulike museum, handlar om oppstart av eit samisk museumsnettverk og formidlingsprosjekt om samisk kultur- og identitetsuttrykk.
- Vi vonar støtta vil styrke banda både mellom dei samiske institusjonane og til kontakten med andre miljø som arbeider med tema om mangfald og minoritetar, seier direktør Leikny Haga Indergaard i ABM-utvikling.
Desse får tilskot:
-
Árran – lulesamisk senter, Arbeidsseminar i forbindelse med ny utstilling, kr 90 000
Seminar i tilknyting til arbeidet med den nye basisutstillinga ”Frå vogge til grav”. Samling av ulike fagmiljø som rettar seg mot det fleirkulturelle samfunnet til idémyldring og kunnskapsutvikling.
Prosjektsøknad (pdf)
-
RiddiDuottarMuseat, Mangfold og kultur i Sapmi, kr 200 000
Prosjekt for å synleggjere og formidle mangfaldet i samisk kultur- og identitetsuttrykk i dag og skape dialog på tvers av ulike grupper.
Prosjektsøknad (pdf)
-
Stiftelsen Saemien Sijte, Samisk ungdom, kr 85 000
Dokumentasjonsprosjekt om og med samisk ungdom i Norden og deira samtid. Samarbeidsprosjekt mellom museum i Noreg, Sverige og Finland.
Deltkande museum: Varjjat samiske museum, Saemien, (Noreg), Siida museum (Finland) og Ájtte, Svenskt fjäll- och samemuseum (Sverige).
Prosjektsøknad (pdf)
-
RiddiDuottarMuseat, Samlingsforvaltning med fokus på samlingsplan, kr 100 000
Første samarbeidsprosjektet i nettverket for samiske museum og museum som arbeider med samisk kultur og historie. Samisk museumsnettverk er eit knutepunkt mellom museum som har samisk historie og tradisjonskunnskap som ein del av verksemda. RiddarDuottar Museat i Karasjok har rolla som nettverkskoodinator.
Prosjektdeltakarar: Ája, Árran, RiddoDuottar Museat, Rørosmuseet, Saemien Sijte, Saviomuseet, Tana Museum og Ajtte.
Prosjektsøknad (pdf)
-
Primus på samisk, kr 50 000
Databasen for museumssamlingar, Primus, vert også tilgjengeleg med rettleiing og hjelpetekstar på nordsamisk. Arbeidet skjer i samråd med Sametinget og er planlagt avslutta i april 2010.
Pressekommentar
direktør Leikny Haga Indergaard
telefon: 951 00 785 / 23 11 75 00
e-post: leikny.haga.indergaard(a)abm-utvikling.no
informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no