Side-alternativer

Pulverheksa på teiknspråk

665 000 kroner frå ABM-utvikling til nye videobøker på teiknspråk

Døves Media og Møller kompetansesenter får 665 000 kroner i tilskott frå ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum til å utvikle fire nye videobøker på teiknspråk.

”Videobøker for døve er eit viktig bidrag for å styrke teiknspråk som eiga kulturell uttrykksform”, seier avdelingsdirektør Tone Moseid i ABM-utvikling. Det er spesielt viktig at døve barn får dette tilbodet, og vi er glade for den gode kvaliteten som er på desse produksjonane.


Tilskotta fordeler seg slik:

Døves Media:

  • 165 000 kroner til ”På oppdra 2”

 

Møller kompetansesenter:

  • 250 000 kroner til ”Pulverheksa på teiknspråk”
  • 200 000 kroner til ”Døve og hørende i samme familie”
  • 50 000 kroner til ”Faktabok på teiknspråk” (forprosjekt for oppstart av ny serie)

  

Pressekommentar:

informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369
e-post: atle.faye'snabel-a'abm-utvikling.no

avdelingsdirektør bibliotekutvikling Tone Moseid
telefon: 911 58 715
e-post: tone.moseid'snabel-a'abm-utvikling.no

 

Oversikt over tildelingar

Oversikt over pressemeldingar