22.02.2010 Vil gjere samlingane tilgjengelege
ABM-utvikling deler ut 9 millionar kroner i prosjektstøtte for å auke tilgangen til kjeldene i arkiv, bibliotek og museum.
Nettstaden digitaltmuseum.no vart opna i 2009, og arkivportalen.no vert lansert om kort tid. ABM-utvikling støttar Arkivportalen med 500 000 og ny versjon av Digitalt museum med 800 000. Dermed manglar berre Biblioteksøk før heile abm-sektoren er på nett.
- Me vil opne opp institusjonane og samlingane, seier avdelingsdirektør i ABM-utvikling Gunnar Urtegaard. - Tilgangen til samlingane vil no verte dramatisk betre.
ABM-utvikling støttar fleire digitalprosjekt som handlar om innhald og tilgang:
Oslobilder
ABM-utvikling støttar prosjektet Oslobilder med 400 000 i 2010. Oslobilder.no er eit samarbeid mellom Oslo byarkiv og Oslo Museum der foto i dei to institusjonane skal formidlast samla og gjerast tilgjengelege gjennom Digitalt museum.
"Digitaliseringsfabrikk"
ABM-utvikling støttar arbeidet med eit felles ressurssenter for digitaliseringsarbeid i Møre og Romsdal med 500 000. Digitalisering av samlingane krev samarbeid, kompetanse, utstyr og ressursar. ABM-utvikling ynskjer sterkare samarbeid og satsing i kvart fylke. Kapasitet i kvart fylke er eit nøkkelord.
Frå monolog til dialog
ABM-utvikling ynskjer å betre dialogen mellom institusjonane og brukarane. Mottoet er “meir dialog og mindre monolog”. Østfoldmuseet får støtte til kompetanseheving, til å utvikla sosiale og mobile tenester på museet sine nettsider og til å utvikla god digital formidling.
Digitaltfortalt.no
Digitalt fortalt var ABM-utviklings satsing i Kulturminneåret 2009, og arbeidet held fram i 2010.
Støtte til Digitalt fortalt-prosjekt i 2010:
| Søker | Prosjekt | Sum |
|---|---|---|
| Oslo Museum | Digitalt verksted - et forprosjekt | 250 000 |
| Helgeland Museum | Krigsbarn - norsk mor - tysk far | 26 000 |
| Museum Nord | Samisk pionervirksomhet i nordre Nordland/sør-Troms | 95 000 |
| Østfold fylkesbibliotek | Østfolds kulturhistorie digitalt formidlet | 500 000 |
| Sør-Troms Museum | Uhørte stemmer og glemte steder | 300 000 |
| Museumssenteret i Hordaland | Mangfold eller fremmedfrykt | 100 000 |
| Museumssenteret i Hordaland | En ny arbeidsdag | 560 000 |
| Norsk Teknisk Museum | Industrimuseum.no 2.0 | 375 000 |
| Bymuseet i Bergen | Det historiske klasserom v2.0 | 100 000 |
Fakta om tildelinga
I 2010 deler ABM-utvikling ut 32,6 millionar kroner til 114 søknader frå arkiv, bibliotek og museum. Midlane fordeler seg slik:
- 85 får tilsegn om 22 764 000 kr til utviklingsprosjekt for å utvikle møteplassar for kunnskaps- og kulturformidling samt partnarskap og samarbeid
- 4 får tilsegn om 716 000 kr til teiknspråkbøker for døve
- 25 får tilsegn om 9 120 000 kr til sikringstiltak ved norske museum
Det kom inn 274 søknader om til saman 102 millionar kroner.
Pressekontakt
- telefon 913 47 369 / 23 11 75 99
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no
avdelingsdirektør digitalt ABM Gunnar Urtegaard
- telefon 977 72 807 / 23 11 75 00
- e-post: gunnar.urtegaard(a)abm-utvikling.no
Oversikt over alle tildelingane finn du her (lenke)