22.02.2010 Ni millionar til museumssikring
21 museum er innvilga tilskot til sikring for til saman 9,12 millionar. Dette er ein auke på 2 millionar frå i fjor.
Sikringsmidlane er tildelt tiltak som skal førebyggje og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri og naturskade. Tilskotet dekker inntil 60 prosent av totalkostnadene for sikringstiltaket. ABM-utviklings sikringsutval er rådgivande organ ved fordeling av sikringsmidlar.
- Det er eit stadig aukande fokus på sikring og bevaring i
musea, seier Randi Ertesvåg, avdelingsdirektør i
ABM-utvikling. - Det er også i aukande grad dialog om samarbeid og samhandling mellom
institusjonane, med ønsker om fellestenester og fellestiltak.
Sikringsmidla vart oppretta etter brannen i
Erkebispegården i Trondheim i 1983, og brannsikring i musea er eit prioritert område.
Det er likevel ein del museum som ikkje er
godt nok brannsikra. I ABM-skrift #59 Vel bevart? Tilstandsvurdering av
museumssamlingar går det fram at 26 prosent av museumsgjenstandane er oppbevart
i einingar der det ikkje er tilstrekkelege førebyggjande
branntiltak.
30
museum sendte inn 35 søknadar om sikringsmidlar i 2010. Det vart søkt
om 22,5 millionar til sikringstiltak med ein totalkostnad på nær 38
millionar.
Fakta om tildelinga
I 2010 deler ABM-utvikling ut 32,6 millionar kroner til 114 søknader frå arkiv, bibliotek og museum. Midlane fordeler seg slik:
- 85 får tilsegn om 22 764 000 kr til utviklingsprosjekt for å utvikle møteplassar for kunnskaps- og kulturformidling samt partnarskap og samarbeid
- 4 får tilsegn om 716 000 kr til teiknspråkbøker for døve
- 25 får tilsegn om 9 120 000 kr til sikringstiltak ved norske museum
Det kom inn 274 søknader om til saman 102 millionar kroner.
Pressekontakt
informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon 913 47 369 / 23 11 75 99
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no
avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
- telefon 906 28 621 / 23 11 75 00
- e-post: randi.ertesvag(a)abm-utvikling.no
Oversikt over alle tildelingane finn du her (lenke)