På veg til eit samordna digitalt abm-landskap
Arkiv, bibliotek og museum har i stor grad hatt digitale katalogar og data lagra i små, lokale basar. Dette har bremsa utviklinga og gjort det vanskeleg å utvikla nye og gode tenester på Internett.
- Tida er overmoden for ei styrking av den digitale infrastrukturen, seier avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard i ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. - Den må bli meir profesjonell og betre samordna.
Betre digital infrastruktur til ABM-institusjonane kring i landet er difor hovudsatsinga når
ABM-utvikling no deler ut prosjektmidlar.
Arkivsektoren får 800.000 til å utvikla ei sentral databaseløysing basert på arkivløysinga Asta. Denne skal avløysa mange lokale basar og opna for direkte formidling av nytt materiale på Internett. Museumsektoren får 1 250 000 for å utvikla sentrale løysingar for gjenstandar, foto og kunst i musea, basert på museumsløysinga Primus. Her og vil vegen til tenester på Internett vera svært kort. Biblioteksektoren får 1,9 millionar for å utvikla felles søketenester for biblioteka.
Sjølv om det no vert lagt til rette for meir sentrale dataløysingar, så vil den enkelte institusjon vera like synleg som før. Dette er ein viktig føresetnad, seier Urtegaard.
I fleire europeiske land går utviklinga snøgt i retning av meir samla abm-tenester på nettet. I botnen ligg ei sterk tru på at dette gagnar brukarane. ABM-utvikling sette av 2,5 millionar kroner til vidare arbeid med ulike søke- og formidlingsløysingar på tvers av arkiv, bibliotek og museum. Strukturtiltaka i kvar sektor er ein føresetnad for dette arbeidet.
Samla satsar ABM-utvikling 6.4 millionar på å styrka den digitale infrastrukturen i ABM-sektoren i 2008. - Dette er ei stor og svært viktig satsing, seier Urtegaard. - Det er og ein føresetnad skal me kunna satsa sterkare på digitalisering og dermed digitalt innhald i åra som kjem.
Tildelingar
Nasjonalmuseet for kunst Konvertering fra Imago til PimusKUNST
KulturIT ANS Digitalisering av samlingene, PrimusKUNST
KulturIT ANS Digitalisering av samlingene, PrimusWEB
Stiftelsen ASTA Nasjonal arkivkatalog på nett, Arkivportalen.no
I 2007 kom det inn 334 søknader til ABM-utvikling om i overkant av 105 millioner kroner. 87 fikk tilsagn om til samman 26 millioner. Søknadene omfattar læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innan organisasjons- og nettverksbygging.
Pressekommentar:
informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369
e-post: atle.faye'snabel-a'abm-utvikling.no
avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard
telefon: 97 77 28 07
e-post: gunnar.urtegaard'snabel-a'abm-utvikling.no