Olav Duun på nett
Nord-Trøndelag fylkesbibliotek får 150 000 kroner av Norsk kulturåd til ny formidling av forfattaren Olav Duun.
Ein ny nettstad skal opnast under Olav Duun-stemnet 24.-26. juni 2011, samtidig med at diktarens barndomsheim er ferdig restaurert og opnar for publikum.
www.olavduun.no skal innehalde lydfiler og utdrag frå tekstar av Olav Duun, wiki, nettutstilling, kartteneste og bibliografiske opplysningar. Det er eit mål å utvikle ferdige søk til digitale ressursar som finst tilgjengelege i bilet- eller fulltekstversjon.
Olav Duun er ein viktig nasjonal diktar. Ein aktiv bruk av ny teknologi til å fornye formidlinga kan gjere forfattarskapen tilgjengeleg for eit breiare publikum, seier informasjonsdirektør Atle Faye i Kulturrådet. - Prosjektet har interessante mål om å utvikle ein litterær haldeplass og å sjå forfattarskapen i både eit nasjonalt og regionalt perspektiv. Også samarbeidet med Den kulturelle skolesekken i Nord-Trøndelag har ein klar overføringsverdi for andre.
Olav Duun
Olav Duun (1876-1939) vart fødd på øya Jøa i Fosnes kommune i Nord-Trøndelag. 25 år gamal reiste han til Levanger for å gå på lærarskule. I 1908 flytta han til Holmestrand og budde der fram til han døydde. Miljøskildringane og mange av motiva frå Namdalskysten står sentralt i forfattarskapen. Gjennombrotet kom med romanserien Juvikfolke i seks bind frå 1918.
Fakta om tildelinga
I 2011 deler Norsk kulturråds administrasjon ut 20 millionar kroner til 60 utviklingsprosjekt i arkiv og museum.
Det kom inn 154 søknader om nesten 65 millionar kroner i utviklings- og sikringsmidlar for 2011. Sikringsmidlane vert offentleggjort 8. februar.
Utviklingsmidlane for abm-sektoren har tidlegare vore forvalta av ABM-utvikling. Frå 1. januar 2011 er ABM-utvikling ein del av Norsk kulturråd.
Pressekontakt
Informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye@kulturrad.no