Side-alternativer

Nytt transportarbeidarbibliotek til Vestfold

Vestfold fylkesbibliotek får 75 000 kroner i utviklingsmidlar frå ABM-utvikling til å etablere eit nytt transportarbeidarbibliotek i Vestfold. Den nye bibliotektenesta skal spesialrettast mot trailersjåførar.

- Trailersjåførar i Vestfold skal heretter få eit tilbod også når det tradisjonelle biblioteket er stengt, seier avdelingsdirektør Tone Moseid i ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. - I 2007 blei det etablert vegarbeidarbibliotek i Høydalsmo i Telemark, og vi ønskjer nå å bygge ut dette spanande utviklingsprosjektet med spesialtenester mot ei ny kundegruppe til også å omfatte Vestfold. Blir dette vellukka vil det ha stor overføringsverdi til alle andre regionar i landet, seier Moseid.

I løpet av dei to neste åra er målet å få etablert eit landsdekkande tilbod av slike transportarbeidarbibliotek.

Vestfold fylkesbibliotek vil, i samarbeid med den lokale avdelinga av Norsk Transportarbeiderforbund, leie prosjektet for å finne ein eigna sørvisstad for trailersjåførar. Eigna materiale for utlån og bruk i bil er til dømes lydbøker og å ha pc-tilgang i sørvissenteret.

I 2007 kom det inn 334 søknader til ABM-utvikling om i overkant av 105 millionar kroner. 87 fekk tilsegn om til saman 26 millionar. Søknadane omfattar læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

 

Pressekommentar: 

informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369
e-post: atle.faye'snabel-a'abm-utvikling.no

avdelingsdirektør bibliotekutvikling Tone Moseid
telefon: 911 58 715
e-post: tone.moseid'snabel-a'abm-utvikling.no

 

Oversikt over tildelingar

Oversikt over pressemeldingar