Nokre historier frå Sunnmøre
Stiftinga Sunnmøre Museum mottek 150 000 kroner i prosjekttilskot frå ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum når dei i 2008 gjer mangfald til tema ved fem avdelingsmuseum i regionen.
- ABM-utvikling ønskjer å støtte opp om Sunnmøre Museum som på ein så god og variert måte fokuserer på dokumentasjon, formidling og inkludering av minoritetskulturane i regionen, seier avdelingsdirektør Randi Ertesvåg. - Vi ser det som veldig positivt at museet har vyar ut over mangfaldsåret 2008 og først fokuserer på eiga kompetansebygging.
Fem avdelingar ved Sunnmøre Museum bidreg aktivt:
- Sunnmøre museum: ”Slutten – nokre livssoger frå det moderne Sunnmøre”
- Godøy kystmuseum: ”Matkultur – impulsar frå folkevandringstid til notid
- Sykkylven naturhistoriske museum: ”Norske urter / ville vekstar – natur, folkemedisin i innvandrarkulturar
- Aalesund museum: ”Endringer i befolkningsstrukturen i Ålesund gjennom 50 år”
- Norsk møbelfagleg senter: ”Møblar og interiør frå ulike kulturar”
I 2007 kom det inn 334 søknader til ABM-utvikling om i overkant av 105 millionar kroner. 87 fekk tilsegn om til saman 26 millionar. Søknadane omfattar læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.
Pressekommentar:
informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369
e-post: atle.faye'snabel-a'abm-utvikling.no
avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
telefon: 906 28 621
e-post: randi.ertesvag'snabel-a'abm-utvikling.no
Oversikt over tildelingar