Side-alternativer

09.02.2011 Ni millionar til museumssikring

18 museum er innvilga tilskot til 26 sikringstiltak for til saman 9,12 millionar.

Ni millionar til museumssikring

Vel Bevart

Sikringsmidlane er tildelt tiltak som skal førebyggje og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri og naturskade. Tilskotet dekker inntil 60 prosent av totalkostnadene for sikringstiltaket. Norsk kulturråds sikringsutval er rådgivande organ ved fordeling av sikringsmidlar.

- Det er eit stadig aukande fokus på sikring og bevaring i musea, seier Randi Ertesvåg, avdelingsdirektør i Norsk kulturråd. - Det er også i aukande grad dialog om samarbeid og samhandling mellom institusjonane, med ønsker om fellestenester og fellestiltak.

Sikringsmidla vart oppretta etter brannen i Erkebispegården i Trondheim i 1983, og brannsikring i musea er eit prioritert område. Det er likevel ein del museum som ikkje er godt nok brannsikra. I ABM-skrift #59 Vel bevart? Tilstandsvurdering av museumssamlingar går det  fram at 26 prosent av museumsgjenstandane er oppbevart i einingar der det ikkje er tilstrekkelege førebyggjande branntiltak.

24 museum sendte inn 35 søknadar om sikringsmidlar i 2010. Det vart søkt om 14,4 millionar til sikringstiltak med ein totalkostnad på nær 30 millionar.

Fakta om tildelinga

Det kom inn 154 søknader om nesten 65 millionar kroner i utviklings- og sikringsmidlar for 2011. Utviklingsmidlane for abm-sektoren har tidlegare vore forvalta av ABM-utvikling. Frå 1. januar 2011 er ABM-utvikling ein del av Norsk kulturråd.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon 913 47 369 / 23 11 75 99
- e-post: atle.faye@kulturrad.no

avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
- telefon  906 28 621 / 23 11 75 00
- e-post: randi.ertesvag@kulturrad.no