Document Actions

Møtebøker på Internett

Ein av dei viktigaste lokalhistoriske kjeldene vi har er kommunale og fylkeskommunale møtebøker. No blir det etablert ei netteneste for å publisere historiske formannskapsprotokollar og gjere dei søkbare.

- Det hastar med å få denne funksjonaliteten på plass, seier avdelingsdirektør Bjørn Bering i ABM-utvikling som har løyvd 300 000 kroner til prosjektet. - Dei kommunale arkivinstitusjonane står klare til å ta eit felles løft for å komme i gang med digitalisering av dei kommunale møtebøkene.

Det er fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som er ansvarleg for prosjektet. Dei har fått med seg 12 kommunearkiv frå heile landet som partnarar i prosjektet. Prosjektet vil gjere ei av dei viktigaste lokalhistoriske kjeldene tilgjengeleg på ein ny måte. Tenesta skal bli landsdekkjande.

Fakta om tildelinga

I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.

Pressekommentar

avdelingsdirektør Bjørn Bering 
- telefon: 23 11 75 00
- e-post: bjorn.bering(a)abm-utvikling.no

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no