Malmvegen blir digital
Salten Museum får 70 000 kroner av ABM-utvikling til å formidle historier om det industrielle Sulitjelma og transporten mellom Sulitjelma og Finneid. Den 40 km lange kulturminneløypa blir nå gjort digitalt tilgjengeleg for heile landet.
I regi av Den kulturelle skolesekken blir ungdomsskoleelevar tatt med langs ruta for den gamle malmvegen, der ein nyttar ulike kulturminne langs ruta til å fortelje historier. Området er svært rikt på kulturminne både frå kvardagsliv og arbeidsliv omkring industrien i Sulitjelma.
- Dette er eit interessant prosjekt om gamal arbeidarkultur, kulturminneløype og digital formidling som kan ha stor overføringsverdi for andre område av landet, seier informasjonsdirektør Atle Faye i ABM-utvikling. - Historiene om kulturminna blir eit viktig bidrag i Digitalt fortalt.
Den gamle malmvegen
Prosjektet Den gamle malmvegen er eit samarbeid mellom Salten Museum, Fauske kommune, lokale lag, foreiningar og organisasjonar. Det er eit mål å gjere prosjektet tilgjengeleg for så mange som mogleg, utvikle kulturminneløype til ein læringsarena for skolane og auke kunnskapen med formidling via digitale verktøy. Dokumentasjonsarbeidet vil resultere i ei eiga utstilling ved Salten Museum Fauske.
Digitalt fortalt
Digitalt fortalt er ein ny nettstad der institusjonar og privatpersonar kan legge inn forteljingar knytt til kulturminne. Historiene blir kopla opp mot kart, foto, geografiske område eller tema. Digitalt fortalt er ABM-utvikling si storsatsing i Kulturminneåret.
Fakta om tildelinga
I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.
Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.
Pressekontakt
informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 913 47 369
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no
- Prosjektsøknad (pdf)