Side-alternativer

Lån ebøker på biblioteket!

Snart skal du kunne låne ebøker på biblioteket. I alle fall viss det går slik Drammensbiblioteket vil. Biblioteket vil i første omgang teste ut utlån av ebøker på tre bibliotek i Buskerud. Dermed kan du sitje heime i godstolen og laste ned den boka du vil lese. Lesinga kan du gjere på pc-en, mobilen eller leseplate.

På nettstaden til biblioteket skal du kunne skrive bokmeldingar, legge ut boklister og elles dele dine litterære interesser. Målet er å gjere han til eit nettsamfunn.

Drammensbiblioteket vil først prøve seg med 200 norske titlar, fordelt på fag- og skjønnlitteratur. Etter at ebokutlånet er prøvd ut i dei tre buskerudsbiblioteka, vil ein prøve å gjere det til ein nasjonal portal for utlån av ebøker.

Prosjektet har fått 350 000 kroner i prosjektstøtte av ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum.

- Å få opp ein nasjonal portal for utlån av ebøker er viktig, framtidsretta og ein sentral del i forhold til biblioteka sine samlingar. Det er utfordrande å finne gode løysingar for utlån av digitale medie, både teknisk og opphavsrettsleg. Nettopp gjennom å prøve ut praktiske løysingar kan vi få svar på dette, seier Tone Moseid, avdelingsdirektør i ABM-utvikling.

Fakta om tildelinga

I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk. 

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

avdelingsdirektør bibliotekutvikling Tone Moseid
- telefon: 911 58 715 / 23 11 75 00
- e-post: tone.moseid(a)abm-utvikling.no