Side-alternativer

Redningsaksjon for kvenske stadnamn

Minoritetsspråket kvensk har lenge vore på veg inn i gløymeboka. Men no har Varanger museum i samarbeid med fleire kveninstitusjonar teke initiativ til ein redningsaksjon for kvenske stadnamn og historier knytta til dei.

-Dette er eit prosjekt som er politisk viktig å støtte, seier avdelingsdirektør Randi Ertesvåg i ABM-utvikling som har gitt 50 000 kroner til prosjektet. - Kvensk er eit lite og utryddingstrua språk som enno ikkje har eit normert skriftspråk. Dette prosjektet er ein bra plass å starte, seier ho.

Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Varanger museum, Kvensk stedsnavntjenste i Alta, Kvensk institutt og Halti kvenkultursenter. Prosjektet ønskjer å foreta ein redningsaksjon for lokale stadnamn, knytte historier til dei og gjere dei tilgjengelege på nett. Kvensk stadnamnteneste i Alta har ansvar for innsamling, kvalitetssikring og digitalisering.

Fakta om tildelinga

I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
- telefon: 906 28 621 / 23 11 75 00
- e-post: randi.ertesvag(a)abm-utvikling.no

Prosjektsøknad (PDF)

Relatert innhold