Kvensk språkhistorisk materiale blir redda
Kvensk institutt får 50 000 kroner i tilskot frå ABM-utvikling til å sikre ei unik samling opptak av kvenske dialektar.
Materialet som i dag er oppbevart i Det finska bandarkivet i Helsinki held på å gå tapt. Kvensk institutt ønskjer å berge opptaka og få fysisk tilgang til dei.
- Materialet har stor verdi for revitalisering av det kvenske språket, og forteljingane gjev verdfull informasjon om kvenanes kvardag, seier avdelingsdirektør Randi Ertesvåg i ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. - Kvensk språk er verna av Minoritetsspråkpakta. Det omtalte arkivet har truleg uvurderleg interesse for kvenanes språkutvikling, ikkje minst i forhold til geografiske variasjonar.
I 2007 kom det inn 334 søknader til ABM-utvikling om i overkant av 105 millionar kroner. 87 fekk tilsegn om til saman 26 millionar. Søknadane omfattar læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.
Pressekommentar:
informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369
e-post: atle.faye'snabel-a'abm-utvikling.no
avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
telefon: 906 28 621
e-post: randi.ertesvag'snabel-a'abm-utvikling.no