Korleis brukar ungdomen Internett?
Fylkesarkivet i Vestfold får 75 000 i støtte frå ABM-utvikling for å dokumentere ungdoms bruk av Internett. Det er særleg nettsamfunna som skal under lupa: Kvifor og korleis blir dei brukt? Arkivet vil intervjue ungdommar mellom 16 og 19 år og presentere resultatet i ei nettutstilling, saman med arkiv frå elevforeiningen og mobilbilete, videoar og facebooksider frå ungdomanes kvardag.
- Dokumentasjon av barn og unges kvardag er mangelfull i dagens samfunn. Det er positivt at ein i dette prosjektet involverer ungdomen sjølv, seier Bjørn Bering, avdelingsdirektør i ABM-utvikling.
Fakta om tildelinga
I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.
Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.
Pressekommentar
avdelingsdirektør Bjørn Bering
- telefon: 23 11 75 00
- e-post: bjorn.bering(a)abm-utvikling.no
informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no
- Prosjektsøknad (pdf)