Side-alternativer

Klart for edelstein og skimrande gråstein

Eventyr skal brukast som reiskap til å byggje opp eit nettverk av fleirspråklege formidlarar i Agder. ABM-utvikling har gjeve Aust-Agder bibliotek og kulturformidling 160 000 kroner i tilskot til å gjere den fleirkulturelle eventyrarven tilgjengeleg for ei mangfaldig målgruppe.

- Dette er eit spanande prosjekt som skal legge vekt på rekruttering og kompetanseheving av fleirspråklege formidlarar, noko vi treng i biblioteka, seier avdelingsdirektør Tone Moseid
i ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. - Eventyr og historier er noko alle kulturar har. Prosjektet i Agder kan ha stor overføringsverdi for andre regionar i Noreg.

Aust-Agder bibliotek og kulturformidling i samarbeid med Vest-Agder fylke, fleirkulturelle miljø i Arendal og Kristiansand og Agder innvandrersamling får no grønt lys og 160 000 kroner til å starte prosjektet ”Edelsteiner og skimrende gråstein”. Her skal dei kartlegge forteljar- og formidlingskompetanse i dei fleirkulturelle miljøa i Arendal og Kristiansand og gje inntil 10 personar forteljarkurs og opplæring i formidling. 

I 2007 kom det inn 334 søknader til ABM-utvikling om i overkant av 105 millionar kroner. 87 fekk tilsegn om til saman 26 millionar. Søknadane omfattar læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.


Pressekommentar:

informasjonsdirektør Atle Faye
telefon: 913 47 369
e-post: atle.faye'snabel-a'abm-utvikling.no

avdelingsdirektør bibliotekutvikling Tone Moseid
telefon: 911 58 715
e-post: tone.moseid'snabel-a'abm-utvikling.no


Oversikt over tildelingar

Oversikt over pressemeldingar