Husker du? Museum for aldersdemente
Tilrettelagt omvisning på musea kan gi demensramma gode opplevingar i ei trygg sosial ramme. Besøka gir ofte menneske med hukommelsessvikt spontane gjensyn og påfølgjande minne om livet slik det var.
Derfor starta tre Oslo-museum i 2008 eit formidlingsopplegg for demente i samarbeid med GERIA - Oslo kommunes ressurssenter for demens og alderspsykiatri. Dei har no fått 250 000 kroner i støtte frå Norsk kulturråd for å vidareutvikle og gjere prosjektet nasjonalt. Dei tre musea, Norsk Telemuseum, Oslo Museum og Norsk Teknisk Museum, vil utvide prosjektet med fleire museum og lansere ein ressurspakke for museum som ønskjer å etablere tilsvarande tilbod for demente i sitt eige nærmiljø.
- Prosjektet er imponerande grundig, breitt og godt tenkt, seier avdelingsdirektør Randi Ertesvåg i Kulturrådet. - Den tilrettelagde formidlinga er nyskapande og eit viktig bidrag til inkludering og brukarmedverknad frå ei marginalisert gruppe med svært få tilbod. Sjølve tenkinga i prosjektet er eit godt døme på korleis nokre museum ser si samfunnsrolle.
Landets demensramma har få eller ingen tilrettelagde kulturtilbod utanfor institusjonen i dag. Behovet er stort for denne gruppa, både for dei som bur heime og dei som bur på sjukeheim. Kultur, aktivitet og trivsel er grunnleggjande element i eit heilskapleg omsorgstilbod, men mange demensramma, spesielt dei som bur heime, får ikkje høve til å oppleve dette av di tilboda ikkje finst.
Fakta om tildelinga
I 2011 deler Norsk kulturråds administrasjon ut 20 millionar kroner til 60 utviklingsprosjekt i arkiv og museum.
Det kom inn 154 søknader om nesten 65 millionar kroner i utviklings- og sikringsmidlar for 2011. Sikringsmidlane vert offentleggjort 8. februar.
Utviklingsmidlane for abm-sektoren har tidlegare vore forvalta av ABM-utvikling. Frå 1. januar 2011 er ABM-utvikling ein del av Norsk kulturråd.
Pressekontakt
Informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye@kulturrad.no
Avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
- telefon 906 28 621 / 23 11 75 00
- e-post: randi.ertesvag@kulturrad.no