Side-alternativer

Karttenestene skal byggast ut

Kart er ein stadig viktigare ressurs for brukarar av digitale tenester. Likevel er tilbodet dårleg utbygd på karttenester knytta til samfunns- og kulturforhold. I dag fins ikkje karttenester på nett med historisk-administrative inndelingar i Noreg.

Statens kartverk ønskjer å gjere noko med dette i eit prosjekt som skal etablere digitale kartdata med særleg fokus på kommune-, amts- og fylkesgrenser.

-Etablering av eit sikt register og høve til å bruke dette via ulike tenester online, er heilt i tråd med samkøyring, synergi og delingstanken i abm-sektorane, seier avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard i ABM-utvikling som har løyvd 200 000 kroner til prosjektet.

Registeret skal og innehalde geistelege inndelingar og oversikt over len, fogderier, sorenskrivardistrikt og tinglag.

Prosjektet er fleirårig og Statens kartverk samarbeider med  Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), Riksarkivet og Universitetet i Oslo. Innhaldet vil ha fokus på kommunegrenser og endringar frå 1938 og fram til i dag. Mange digitale tenester på Internett som inneheld historisk materiale frå Noreg vil få glede av løysinga.

Fakta om tildelinga

I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard
- telefon: 977 72 807 / 23 11 75 00
- e-post: gunnar.urtegaard(a)abm-utvikling.no
 

Prosjektsøknad (PDF)
Relatert innhold