Nesten tur-retur månen
Norsk arkivmateriale strekker seg nesten tur-retur månen. Dette kjem fram i den nye abm-statistikken for 2007 som er publisert av ABM-utvikling i dag. Norske arkiv, folkebibliotek og museum hadde meir enn 33 millionar publikumsbesøk i fjor. 2007 er første gong at det er gjort ei samla innsamling for alle norske abm-instisjonar.
”Endeleg har Noreg fått ein statistikk som viser heile abm-feltet under eitt”, seier direktør Leikny Haga Indergaard i ABM-utvikling. ”Statistikken gjev oss viktig erfaringsmateriell, men viser også at det er ein lang veg fram til kulturarven er tilgjengeleg digitalt.”
Enorme arkivmengder
I 2007 blei det for første gong henta inn statistikk for norske arkiv. Totalt er det 360 000 hyllemeter med papirarkiv. Av dette er berre 0,2 % digitalisert. Legg ein alle dokumenta etter kvarandre vil dei gå 13 gonger rundt ekvator, eller nesten tur-retur månen. Abm-statistikken viser at 43 000 publikummarar oppsøkte norske arkivinstitusjonar i 2007.
Fleire låner digitalt i folkebiblioteka
Norske folkebibliotek hadde 23 millionar besøk i 2007 viser ferske tal frå abm-statistikken. I snitt var nordmenn innom folkebiblioteket 4,7 gonger i fjor. Dette er ein nedgang på 2,8 prosent i høve til 2006 og betyr at besøket dei to siste åra har gått ned med nærmare 8 prosent. Ei forklaring kan vere ein auke i bibliotekas nettenester, til dømes reserverer og fornyar mange lån via bibliotekets nettside.
Tala viser store forskjellar mellom kommunane. Trass i nedgang i samla besøk har kvar tredje kommune ein auke i besøkstala. Utsira kommune tronar suverent på toppen med 37 utlån pr innbyggjar. Balsfjord kommune er dårlegaste kommune med 0,6 utlån pr innbyggjar.
Utlånet av bøker gjekk ned med 2,5 prosent medan det for digitaliserte bøker, lydbøker, gjekk opp med heile 10 prosent.
Digital eksplosjon i fag- og forskingsbiblioteka
Fag- og forskingsbiblioteka opplevde ein voldsam auke på 40 % av nedlasting av artiklar og anna digitalt materiale, viser abm-statistikken for 2007. Dette betyr at studentar og forskarar i større grad enn nokon gong forventar at fag- og forskingsbibliotek kan forsyne dei med digitale kopiar av vitskapelege forskingsartiklar.
Abm-statistikken viser at prislappen langt på veg struper fag- og forskingsbibliotekas budsjett. I 2007 brukte norske fag- og forskingsbibliotek i overkant av 131 millionar på kjøp av tilgang til digitale tidsskrift. Dette utgjer ein auke på heile 60 prosent av bibliotekas totale medieinnkjøp.
Besøksrekord i norske museum
Norske museum passerte for første gong 10 millionar besøk i 2007, viser abm-statistikken. Dette tilsvarer 2,2 besøk per innbyggjar og er ein auke på 9 prosent i høve til året før. Nær 40 prosent av alle museumsbesøka var på musea i Oslo. Museumsbesøk i Hordaland stod for 11 prosent og Sør-Trøndelag 9 prosent.
ABM-statistikk 2007
Meir informasjon og statistikk for fylke og enkeltinstitusjonar: www.abm-utvikling.no
Pressekommentar
- Direktør Leikny Haga Indergaard, telefon 951 00 785
- Informasjonsdirektør Atle Faye, telefon 913 47 369