Side-alternativer

Digitale arbeidsminne frå Østfold

Kven tek vare på minnene frå det folk har brukt mesteparten av tida si på?

Minner frå arbeidslivet er ein viktig del av dagleglivets kulturminner som er tema for Kulturminneåret 2009. Østfoldmuseet har fått 235 000 kroner frå ABM-utvikling for å hente inn historier frå pensjonistar og arbeidarar i Østfold. Arbeidarar frå  heile fylket kjem til å delta. Det er historier frå steinhoggarar på Hvaler, frå tømmerhoggarar i Halden og frå industrien i Sarpsborg og Moss.

Plassen eller mangel på plass som arbeidslivet har fått i historiebøkene samsvarar ikkje med den tida menneska har brukt på arbeid opp gjennom historia. No får dagleglivets forteljingar sin sjanse. Formidlinga av historiene vil skje digitalt, mellom anna på ABM-utviklings nettside www.digitaltfortalt.no

- Dette er eit godt prosjekt som viser at museet tenkjer seg sjølv i dialog med folk i regionen, seier avdelingsdirektør Randi Ertesvåg i ABM-utvikling. 

Fakta om tildelinga

I 2008 kom det inn 318 søknader om i overkant av 110 millionar kroner til ABM-utvikling. 79 institusjonar har fått tilsegn om til saman 22,3 millionar kroner. Søknadene fordeler seg på områda læring, kunnskaps- og kulturformidling, utvikling av digitale tenester, utvikling og sikring av samlingar og tilskot til nytenking innanfor organisasjons- og nettverksbygging.

Det er også gjeve tilsegn om 7,1 millionar kroner til sikringstiltak ved norske museum og 0,7 millionar kroner til videobøker på teiknspråk.

Pressekontakt

informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye(a)abm-utvikling.no

avdelingsdirektør museumsutvikling Randi Ertesvåg
- telefon: 906 28 621 / 23 11 75 00
- e-post: randi.ertesvag(a)abm-utvikling.no

Prosjektsøknad (pdf)

 

Relatert innhold