Side-alternativer

Digital tidslinje for norsk pop- og rockhistorie

Rockheim får 173 000 kroner av Norsk kulturråd til å utvikle ei digital tidslinje for norsk pop- og rockhistorie.

Rockheim vil utvikle ei nettbasert tidslinje over hendingar i norsk pop- og rockhistorie. Tidslinja skal tilby video, lyd, bilete, foto og tekst og integrere dette mot sosiale media, der brukaren kan stå i ein reell dialog. Den digitale tidslinja skal knytast opp mot Rockipedia, slik at utgjevingar og andre hendingar automatisk vert kopla til tidslinja.

- Rockheim i Trondheim har markert seg som eit nytt og spanande museum, seier avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard i Norsk kulturråd.  - Det vert spanande å få prøvd ut at publikum får ei reell interaktiv deltaking slik at dei kan supplere museets samlingar med nytt materiale.  Dette prosjektet kan få stor overføringsverdi for andre institusjonar som forvaltar historisk materiale og historiske data.

Les søkanden her

Rockheim får i tillegg 87 000 kroner av Norsk kulturråd til å utvikle eit pedagogisk grensesnitt for skoleungdomar for deling av stads- og tidsbasert datamateriale på nett. Rockheim skal utvikle ein lokasjonsbasert mobilapp der rock- og poprelaterte hendingar kan opprettast, gjerast tilgjengelege og redigerast av brukarane.

Les søknaden her

Fakta om tildelinga

I 2011 deler Norsk kulturråds administrasjon ut 20 millionar kroner til 60 utviklingsprosjekt i arkiv og museum. 

Det kom inn 154 søknader om nesten 65 millionar kroner i utviklings- og sikringsmidlar for 2011. Sikringsmidlane vert offentleggjort 8. februar.

Utviklingsmidlane for abm-sektoren har tidlegare vore forvalta av ABM-utvikling. Frå 1. januar 2011 er ABM-utvikling ein del av Norsk kulturråd.

Sjå alle tildelingane her

Pressekontakt

Informasjonsdirektør Atle Faye
- telefon: 913 47 369 / 23 11 75 00
- e-post: atle.faye@kulturrad.no

Avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard
- telefon 977 72 807 / 23 11 75 00
- e-post: gunnar.urtegaard@kulturrad.no