Side-alternativer

Digital storsatsing frå ABM-utvikling

Noreg må fram i fremre rekkje i Europa når det gjeld infrastruktur og tenesteutvikling frå abm-sektoren. For å nå målet deler ABM-utvikling denne veka ut meir enn 12 millionar kroner til prosjekt som har som mål å gje brukarane betre digitale tenester.

- 2009 vert eit merkeår i arbeidet med nye digitale tenester. Me set brukarane i sentrum og spissar satsingane våre. Dermed blir livet lettare for arkiv, bibliotek og museum som aktivt arbeider med digitalisering, seier avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard i ABM-utvikling.  

Abm-søk

ABM-utvikling set av 2,5 millionar kroner til utvikling av nasjonale fellesløysingar for søk etter kjeldene i arkiv, bibliotek og museum.
- Søkjer du etter materiale om til dømes Jakob Sande, Per Sivle eller Knut Hamsun bør alle abm-institusjonar raskt melde tilbake kva dei har gjennom eit felles nasjonalt abm-søk, seier Gunnar Urtegaard i ABM-utvikling.
 

Museum

Musea skal få betre verktøy for masseregistrering av innhald slik at alle data frå musea i landet kan finnast ein stad.
- Brukaren skal kunne søkje ein stad etter gjenstandar og raskt få svar frå heile landet, seier Gunnar Urtegaard i ABM-utvikling.

Desse har fått tilskot til å utvikle tenesta: 

  • Maihaugen og Norsk Folkemuseum (KulturIT), DIMU GateWay, kr 600 000
    Prosjektsøknad (pdf)
  • Maihaugen og Norsk Folkemuseum (KulturIT), digitalmuseum.no, kr 960 000
    Prosjektsøknad (pdf)
  • Maihaugen og Norsk Folkemuseum (KulturIT), DiMu Light, kr 820 000
    Prosjektsøknad (pdf)
  • KulturIT får i tillegg tilskot til utvikling av importmodul for foto, kr 400 000


Arkiv

Auka digitalisering krev store tilpassingar om arbeidet skal drivast effektivt. Utvikling av løysingar for masseregistrering er prioritert.
- Arkivinstitusjonane må få betre verktøy for å registrere og vedlikehalde digitalt innhald og tenester, seier Gunnar Urtegaard i ABM-utvikling.

Desse har fått tilskot:

  • Stiftelsen Asta, Etablering av arkivportalen.no, kr 500 000
    Prosjektsøknad (pdf) 
  • Stiftelsen Asta, Digitalisering/masseregistrering og importmodul, kr 600 000
    Prosjektsøknad (pdf)

 

Bibliotek

ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket samarbeider om Biblioteksøk som er svært viktig for å få på plass god og samla infrastruktur.
Det er sett av interne midlar til vidare arbeid med Biblioteksøk, totalt kr 1 000 000  

EuropeanaLocal

ABM-utvikling er saman med Sogn og Fjordane partnar i eit av Europeanas støtteprosjekt: EuropeanaLocal. I første halvdel av 2009 vil data frå abm-institusjonar i Sogn og Fjordane bli konverterte til internasjonale standardar og leverte til Europeana. Fleire fylke vil følgje med etter kvart. Arbeidet i EuropeanaLocal er nært knytt opp til arbeid med nasjonale fellesløysingar i Noreg og arbeidet med abm-søk. 

ABM-utvikling har i nært samarbeid med Riksarkivet, Stiftelsen Asta og KulturIT utvikla løysingar som gjer dette mogleg. Biblioteksøk som ABM-utvikling samarbeider med Nasjonalbiblioteket om, vil også spele ei viktig rolle.

Digitalt fortalt

Digitalt fortalt er eit nytt verktøy der publikum kan legge inn digitale fortellingar knytt til kulturminner. Nettstaden www.digitaltfortalt.no skal bli ein formidlingsarena for historier om kulturminne. Det blir kurs i alle fylka og kulturarbeidarar over heile landet blir inviterte til å vere med i utviklinga. 18 lokale prosjekter får 2 190 000 kroner for å utvikle spesielle historier og temaer. 

Pressekommentar

avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard
- telefon: 977 72 807 / 23 11 75 00
- e-post: gunnar.urtegaard(a)abm-utvikling.no